Lars Petter Sveen: Guds barn

Fantasi med patos og poesi: Lars Petter Sveen imponerer med fablar frå bibelske landskap, men er best når han rører seg bort frå det velkjende.

«Det er ei god historie, kviskrar han, er det ikkje. Eg har redda noko no. Alt gjekk ikkje tapt.» Mot slutten av Lars Petter Sveens tredje bok og andre roman, Guds barn, ser den aldrande og angrande soldaten Cato attende på hendinga som opna romanen: Romerske soldatar er ute for å drepe alle guteborn i Betlehem, og dermed kjem vi inn i historia ved Jesu fødsel, år 0. Mellom desse punkta ligg det ikkje éi god historie, men mange.

Fabelaktig
Sveen briljerer først og fremst med ein levande fantasi i dette lappeteppet av forteljingar fortalt av menneske i miljøet rundt Jesus. Han går også inn i det store spørsmålet om godt og vondt, og eit hovudpoeng er nettopp korleis vi alle treng ei historie å leve i, og at det blir avgjerande kva historie vi veljer å tru på. Samstundes kan vi endre vår eiga historie gjennom handlingane våre.

Det blir raskt tydeleg at Sveen ikkje skriv innanfor den psykologiske realismen som dominerar samtidslitteraturen. For når soldaten Cato er i ferd med å knekke saman i tvil og avsky over det blodige oppdraget, dukkar det opp ein gamal, blind mann: «Eg kan ikkje sjå, men eg ser mykje. Eg er det som held seg i skuggen mens lyset fell ein annan stad», er refrenget hans, og utover i boka dukkar han stadig opp for å så tvil i dei som gjer godt eller styrke trua til dei som gjer det vonde. Både patoset i språket og dei rituelle gjentakingane gjer at romanen framstår som ei samling fablar.

Forma minner om den egyptiske nobelprisvinnaren Naguib Mahfouz slik han skriv i Gebelawis barn (1959), ei poetisk forteljing med mytiske og allegoriske trekk. Men der Mahfouz er sterkt religionskritisk, verkar Sveen open for at vi treng å tru. Det er likevel noko postmoderne over korleis han brukar bibelhistoriene som utgangspunkt for frie fabuleringar, og også over den måten han vektlegg sjølve funksjonen til historia på. For dermed unngår han spørsmålet som er sentralt for den religiøse: Er dette sanninga, den som gjeld for alle?

Draumebilete
Sveen skriv ikkje, som Mahfouz, fram landskap slik at du ser og nesten luktar dei. I staden stig forteljarstemmene ut av eit miljø dei tek for gitt. Men innimellom kallar metaforar fram sterke bilete som dette: Som gut går apostelen Peter på fjellet for å leite etter far sin, og i mørket kjem han til noko som liknar ein skog full av underlege tre og ville dyr. Det viser seg å vere opprørarar som er krossfest og dyr som et av kroppane.

Sveen går altså rett inn i redslene i eit land under ein ekstremt valdeleg okkupasjon. Dei mest vellukka fablane speglar på små flater både bibelhistorie og innsikt om eskalerande valdsspiralar som er relevant også for vår eiga tid.

At teksten er full av sitat, både frå Bibelen og anna litteratur, opplever eg mest som hol i fiksjonen, spesielt når bruken av sitata ikkje stemmer med mi forståing av bibelhistoriene. Sveen er difor best når han stolar på eigen fantasi og eiga formuleringsevne, med eitt unntak: Det er ikkje heilt vellukka når poetisk patos blir kopla med det overnaturlege i kapittelet der etterlivet blir skildra som å vere i armane på ein demonisk «elskar» av jord og røter. Den kvesande demonen med talefeil minner mest om Gollum eller Voldemort: «Slikk eg likerr deg, Saha».

Men ambisjonen bak er nok å framstille ei livsoppleving som skil seg grunnleggjande frå vår moderne. Alt i alt imponerer Sveen fordi han har skrive fram ei verd som er både kjend og framand, og det i sin heilt personlege stil.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: