Jon Hellesnes: Meining? Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg

Logikk og overmakt: Jon Hellesnes held Arne Garborgs argumenterande religionskritikk fram som ideal, og påviser kognitiv svikt hos Friedrich Nietzsche. Men også hans eigen tekst viser kor forførande Nietzsches tankegods er.

Ei av gledene for meg denne sommaren har vore å lese Jon Hellesnes. Filosofen, som no er professor emeritus ved Universitetet i Tromsø, og som sidan slutten av 60-talet har utgitt nær tjue bøker om filosofi, skriv lettfatteleg utan å tape fagleg tyngde. Han rettar filosofien inn mot praktisk livsvisdom, og nyttar oversikta og djupkunnskapen sin som fagfilosof til å dra konklusjonar som har eksistensiell nytteverdi også for lesarar utan filosofisk skolering. Dette er kanskje endå tydelegare i dei to utgivingane som gjekk føre boka av året: Illusjon? (2004) og Om livstolking (2007) tek for seg to kjerneomgrep i tenkinga til Hellesnes.

Litt omtrentleg sagt er filosofen oppteken av korleis det vi tenkjer – eller let vere å tenkje – om livet, verda og oss sjølve, påverkar alle vurderingar og dermed handlingar. Då blir det viktig å utsetje sentralt tankegods i vår kultur for kritisk gransking, og det er nettopp det filosofien gjer. Det same har eg etter beste evne gjort i møte med framstillinga og argumentasjonen til Hellesnes i den nye boka Meining? Religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg.

TO TYPAR KRITIKK
Omgrepa «livstolking» og «illusjon» er også sentrale når Hellesnes gir ei innføring i og vurdering av religionskritikken til Friedrich Nietzsche og Arne Garborg. I tillegg viser han korleis sistnemnde vurderte og vart påverka av førstnemnde. Eit hovudpoeng for Hellesnes er å løfte fram Garborgs tidlege, diskursive religionskritikk, altså den han skreiv før han oppdaga Nietzsche. Diskursiv betyr at ein drøftar kor logisk og moralsk haldbare religiøse oppfatningar og læresetningar er ut frå ein vitskapleg tenkjemåte. Med andre ord held Hellesnes fram den delen av forfattarskapen til Garborg som ligg nærmast hans eige fag, ikkje berre som reiskap for religionskritikk, men også som reiskap for Nietzsche-kritikk.

Garborg kombinerte beundringa si for Nietzsche med analytisk forstand og politisk kritikk, og åtvara på framsynt vis mot å nytte Nietzsches reaksjonære samfunnssyn som grunnlag for politisk praksis – noko som seinare altså vart gjort av både italienske fascistar og tyske nazistar. Alt i ein artikkel om Garborg frå 1980 heldt Hellesnes fram dette poenget, så i denne boka utdjupar han altså tankar han har arbeidd med lenge. Men at den reaksjonære russiske filosofen Aleksandr Dugin, som skal stå Putin nær, i desse dagar også viser til Nietzsche, illustrerer at problemstillinga framleis er særs aktuell.

Eit av Hellesnes’ viktige ankepunkt mot Nietzsche er at han ikkje tek opp nokon av dei sentrale problemstillingane i religionsfilosofien, men i utgangspunktet avviser alle religiøse doktrinar utan argumentasjon. Nietzsche dreiv med ein heilt annan type religionskritikk, han fokuserte på korleis kristendommen vart til, og kva kulturelle verknader den har hatt, og det som del av eit meir vidfemnande opprør mot det svartsynet som ifølgje Hellesnes prega kulturlivet i den perioden han verka. Nietzsche stilte opp «aktiv nihilisme» som eit alternativ til religionen, noko som innebar å feire mangelen på gitte verdiar og omfamne den rå makta som styrande prinsipp i samfunnet.
Etter å ha slått fast dette går Hellesnes nærmare inn på Nietzsches lære og påstandane han kjem med om kristendommen og vestleg kulturhistorie. Hellesnes påviser at mange av Nietzsches påstandar er feil, mellom anna meiner han at det Nietzsche skriv om apostelen Paulus, er eit reint nidskrift. Kjernen i kritikken hans er likevel påvisinga av logisk inkonsistens, meir presist «performativ sjølvmotseiing».

FORFALLSFORMER AV RELIGION
Hellesnes startar med ei innleiande avgrensing av emnet og ein rask introduksjon av kulturtilstanden i Europa i siste del av 1800-talet. Presentasjonen av tida dei to filosofane skreiv ut frå og inn i, er både interessant og opplysande. Men i den innleiande avgrensinga er ikkje Hellesnes like ryddig i omgangen med omgrep som han er når sjølve drøftinga tek til.

Les resten av bokmeldinga på nettsida til Prosa

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: