Erlend O. Nødtvedt: Trollsuiten

Troll skal ikkje temjast: Erlend O. Nødtvedt legg ut på tur med Olav Nygard i vakre og ville trolldikt.

Erlend O. Nødtvedt har høge ambisjonar og skriv seg inn i store samanhengar, han går bakover i historia og innover i kjende landskap, både fysiske, mytiske og litterære, og definerer dermed seg sjølv ut frå tradisjonen han kjem frå. Då han debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008, var det regnvåte fjordlandskapet i Hordaland motiv og scene for diktareg’et. I Bergens Beskrivelse frå 2011 var dei like regnvåte gatene i Bergen utgangspunkt for ville utlegningar av byhistoria og diktarens mildt sagt ambivalente kjensler for byen.

I følgje med Olav
I den nye diktsamlinga Trollsuiten er vi attende i rurale strøk av Hordaland, nærmare bestemt i Olav Nygards landskap, både den fysiske fødestaden Modalen og den besjela naturen som fins i dikta hans. Den store nynorskdiktaren er skriven inn både som ideal og «følgje»; alt i innleiinga møter vi «drømmen om olav nygards nivå», og seinare dukkar han stadig opp. Nynorske diktstrofer i kursiv vil eg tru er henta frå Nygards dikt – eg «trur», for kjeldene er ikkje oppgjevne, noko dei absolutt burde ha vore. Teksten har elles epigrafar henta frå P.C. Ambjørnsens Norske Huldreeventyr og Folkesagn, Arne Garborgs Haugtussa, middelalderballaden Villemand og Magnhild og A. Fayes Norske sagn, så her går vegen lukt inn i norsk folklore.

Nødtvedt går altså i dialog med andre tekstar som utgangspunkt for å leike fram sitt eige poetisk språk. I Trollsuiten gjer det at han startar i ein uvant melankolsk og høgstemt tone, men både naturromantikken og språket blir mørkare og villare etter kvart som diktareg’et rører seg ned i det underjordiske, og opplever både huldererotikk og «mørkeredsleritt»

Med linjene «trollnatten putter varsomt/den jungianske spene i min munn» viser Nødtvedt til Carl Gustav Jungs teori om at det kollektive umedvitne viser seg i folketrua. Men kva representerer trollet i dikta? Éit svar er kanskje det som ligg i grenselandet for medvitet, der verda vert skremmande mørk og uklar, eit anna det mørket som kan senke seg både over tankar og kjensler: «jeg prøver febrilsk å flytte gjerne velte/grensesteinene i hodet/merkesteinene i hodet/flerre tussmørket»

Grenseoppgangar
Både tematisk og språkleg viser dikta til grensetilstander. Framandordet «hypnagogisk» dukkar opp, eit ord for overgangen mellom søvn og vaken tilstand, og dikta kan ein lese som slike augneblinkar der ikkje berre tida vert oppheva, men også grensene mellom sansing og tenking, verkeleg og uverkeleg. Det er der ein møter trollet, nøkken og huldra, og kanskje er det der diktaren blir til: «jeg er nok av nøkk/mitt språk ligner mer/dyrenes brummen enn menneskers tale».

Nøkk eller ikkje, Nødtvedt utmerkar seg med den uredde måten han tøyer og omkalfatrar språket på – med nyord, omsnudd ordstilling, bokstavrim og ei sterk assosiativ evne. Nokre gongar endar han i reine lydregler: «harossa ria horossa ria!» (I etterpåklokskap til glede for blogglesarar: Dette kan kanskje betyr «ri hest», sidan det norrøne ordet for hest er «hross». Eg burde vite det, som ber namnet hestvik.) Dikta får dermed sterke musikalske kvalitetar og sjarmerande humor, dei er både vakre og ville. Det er nok mykje å hente i nærlesing her, men nettopp i grensa mot det uforståelege ligg det ein sanseleg dimensjon diktelskarar vil vite å setje pris på. Troll skal vere ville!

Tidlegare publisert i Bergens Tidende. 

Advertisements

2 responses to “Erlend O. Nødtvedt: Trollsuiten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: