Lars Ove Seljestad: Kjære bror

Gode tankar prata vekk: Interessante observasjonar av øydeleggjande normkonflikter er svekka av slapp narrasjon i Lars Ove Sejestads nye roman.

I den filosofiske diskusjonen om sjølvmord er eit kjent argument at sjølvmord er ei permanent løysing på eit midlertidig problem. Det tragiske ved dette blir spesielt tydeleg når eit ungt menneske veljer å avslutte livet i ein vanskeleg periode, og det er utgangspunktet for  Lars Ove Seljestads nye roman Kjære bror.

Romanen er forma som brev frå yngstebror Svein til eldstebror Arne, som døydde på 20-årsdagen sin. Spørsmålet om dette var ei ulukke eller eit sjølvmord, er drivkrafta i teksten. Det blir mange spørsmål, og smerta er at det ikkje finst svar. Svein minnest broren sin slik han var gjennom oppveksten: Han var Suverenen, yndlingen til bestefaren, skulevinnaren, den naturlege leiaren. Parallelt med minna går refleksjonen rundt mogelege forklaringar på kvifor alt gjekk gale den natta, kva gjekk eigentleg føre seg bak den vellukka fasaden?

Normskvis
For meg, som akkurat har lese Carl Frode Tillers trilogiavslutning Innsirkling 3, vert det påfallande kor lik denne romanen er dei breva som forteljarane der skriv til David, mannen det vert påstått har mist minnet og difor treng hjelp til å finne ut kven han er. Men der Tillers roman opererer med ulike forteljarar og ulike perspektiv også på dei, er dette éi enkel forteljing, langt mindre kompleks både i form og innhald.

Den som kjenner Seljestads forfattarskap frå før, vil finne mykje kjent stoff frå oppvekst i Odda og arbeid på smelteverket. Og Sljestad er god i fyndige formuleringar av det typiske i arbeidarkulturen, som her: «i vår oppvekst fanst det ikkje noko språk for lidingar som ikkje kunne skjerast vekk med kniv». Her har sosiologen Seljestad noko sams med historikaren Carl Frode Tiller: Begge har det analytiske blikket ein får når ein har gjennomført ei klassereise og ser attende på det som ein gong var livet og verda, men som ein sidan har skjøna er eksotisk for andre.

Tanken om det øydeleggjande i normkonflikten mellom arbeidarkollektivet på smelteverket og resten av samfunnet, er god: På skulen vart Arne premiert for å stikke seg fram, heime og på fabrikken vart han straffa for det same, at unge jyplingar sprengte akkorden og trudde at dei skulle ut og endre verda, skulle ein ikkje ha noko av. Konflikten  mellom far og son får ein ekstra psykologisk dimensjon fordi farfaren, som hadde  støytt frå seg sin eigen son i alle år, kjende seg igjen i barnebarnet Arne og favoriserte han på alle vis.

Taleflaum
Emnet for romanen er altså interessant og det er fleire gode skildringar her, spesielt dei som fortel om den eksentriske bestefaren. Eg likar også måten Seljestad brukar språket på, dei lange periodane med setning etter setning hekta saman, flyt fint og uttrykkjer kjenslene til forteljaren: «Minnet mitt er ein einsam roar på gløymslas store elv, tida og gløymsla renn fortare og fortare, eg ror og ror for å halda kapp.»

Men – det kjem eit men:  Det har blitt sagt om Seljestad at han skriv alt på linjene, altså manglar undertekst. Då eg meldte romanen Isberg meinte eg at det var feil, at forteljarstemma og spesielt det forteljaren ikkje sa, fortalde noko vesentleg. Men i denne romanen rammar kritikken.

Teksten er for pratete, og innimellom keisam fordi innhaldet liknar for mykje på slikt ein har lese i andre bardomsskildringar; ungar som bur i trange arbeidarbustader og dannar rivaliserande gjengar. Også gode tankar misser gradvis interesse gjennom gjentakingar og utbroderingar ein kan oppfatte som tværing av ei kort forteljing.

Det er synd, for om eit slikt tema, slike karakterar og eit slikt språk hadde blitt kombinert med større vilje til å stramme inn og prioritere, kunne dette ha blitt ein drivande god tekst.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: