Carl Frode Tiller: Innsirkling 3

Han har oss no: Carl Frode Tiller leverer ei imponerande mangfaldig analyse av maktspel og identitetsdaning i vår tid og stadfestar posisjonen som ein av våre fremste forfattarar.

Det blir smilt mykje i trilogien som med utgjevinga av Innsirkling 3 no er fullført. Smil blir klemt fram og dei blir haldne fast i trass, smil er masker å gøyme seg bak. Bak maska går refleksjonen utan stans, både sjølvrefleksjon og tolkingar av andre. Men innimellom fell maska, og sinnet bryt gjennom medan den indre kommentatoren blir ein sjokkert tilskodar til eigen oppførsel.

Som i dei to føregåande bøkene, har Innsirkling 3 tre forteljarar, og alle slit dei med sjølvkontrollen. Marius er guten David vart forveksla med som baby, Susanne var Davids kjæraste i 20-åra og den tredje er David sjølv. Og endeleg får vi vite kven som sette annonse i avisa om at David hadde mist minnet og trong andre til å fortelje seg kven han var. Løysinga er genialt enkel og aktuell, og har, som alt Carl Frode Tiller skriv, ambivalensen i seg; det kan sjå ut som utfallet av prosjektet blei annleis enn det var tenkt.

Sjølv om Tiller brukar lite plass på miljøskildringar og poetiske vendingar, har romanen scener som brenn seg fast hos lesaren, nokre er som fortetta kammerspel. Det startar til dømes med eit middagsselskap som blir intenst ubehageleg etter kvart som sosiale og psykiske spenningar vert slept laus av alkoholen. Den overspente tolkinga av det sosiale spelet kan vere trøyttande, men dempar ikkje begeistringa mi for boka, siden hyperrefleksjonen er ein viktig del av både stilen og tematiseringa av sosial makt.

Høg møter låg
Ein av dei store styrkane til Tiller er at han skriv fram truverdige kvinnestemmer. Susanne er ein spesielt interessant person, og scener som i utgangspunktet verkar eintydige, må vurderast på nytt etter kvart som eg blir betre kjend med henne. Og i dette ligg den innsikta heile trilogien sirklar inn saman med identiteten til David: Gjennom stadige perspektivskifte får Tiller fram kor mykje det betyr kven som fortel ei historie.

Dette er noko romanen har sams med William Faulkners verdskjende sørstatsepos Absalom, Absalom! (1936), sjølv om mykje elles skiljer både i narrasjon og språk. Problematiseringa av makta i å fortelje sin versjon, har også vidare relevans enn den sjølvbiografiske trenden i litteraturen. I Innsirkling 2 (2010) lar Tiller forteljaren Tom Roger seie at dei «bortskjemte og vellykka» middelklassefolka inntek viktige posisjonar i media og definerar korleis vi ser verda: «Til slutt trur vi at deira versjon av både fortid og notid gjeld for oss også».

At Noreg som klassesamfunn er eit viktig tema, blir endå tydelegare i tredje band. På same måte som forbyttinga av David og Marius på fødeavdelinga er eit melodramatisk grep som gir ei postmoderne blanding av litterært «høge» og «låge» element, blir ein svært medviten på kulturforskjeller når dei to som vaksne kryssar klasseskilja for å møte sitt biologiske opphav.

Blikk for nyansar
I lanseringsintervju har Tiller sagt at han ville vise at vi treng å stole på språket og kvarandre. Likevel kan ein lese Innsirkling 3 som ein påstand om at ironigenerasjonen i sjølvoppgjeret og vendinga mot det sjølvbiografiske alvoret, risikerer å gå frå ei grøft til ei anna; frå å mistru all sanning til farlege forenklingar. I alle fall ligg det – igjen – ein ambivalens i slutten av romanen, ein undertekst som hintar om at David veljer å stole på feil folk til feil tid. Det er eit av mange element som vil gjere trilogien til eit godt objekt for vidare studier.

Sjølv om Tiller har ei unik evne til å skrive fram truverdige forteljarstemmer i eit rytmisk språk, er det det analytiske blikket som verkeleg skiller han ut og gjer han til ein av våre aller beste prosaistar. Gjennom innsiktsfulle skildringar både av psykiske tilstandar, ulike sosiale miljø og vår nære fortid dreg han opp mange perspektiv det er verd å reflektere over, både på dei ørsmå nyansane i sosialt samspel og på kva rolle klasseforskjellar framleis spelar i Noreg. Det er det få som gjer han etter.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: