Ruth Lillegraven: Manilahallen. Eit dikt. Eit liv.

Vakkert om eit hardt liv: Med langdiktet Manilahallen viser Ruth Lillegraven for ein god historieforteljar ho er.

Ruth Lillegraven er ein utprega episk forfattar; anten ho skriv dikt eller prosa har ho blikk for og evne til å formidle gode historier. Ho skriv ikkje «vanskeleg» poesi med gåtefulle metaforar, men ekspansivt og forteljande innanfor det NRK-kritikar Marit Grøtta har kalla ein populærnorm i poesien.

Knokkelprosa
Manilahallen har undertittelen «Eit dikt. Eit liv» og fortel om livet til ei eldre kvinne, ikkje ulikt fjorårets Brageprisvinnande diktsamling Urd. Dei poetiske bileta er umiddelbart forståelege, og teksten består for det meste av av det ein kan kalle knekkprosa; skildrande setningar med ordinær syntaks  oppdelt av hyppige linjeskift.

Ein prolog med tittelen «Knokkelkontakt» startar slik: «du, min kjære har leita/fram nrk-opptaket, i morgon/skal vi vise det til ho som skriv/om meg, skal berre sjå gjennom det først». Den som fortel er pensjonisten Birgit, «du» er hennar tredje ektemann, og med «ho som skriv» har forfattaren skrive seg sjølv inn i teksten i tredjeperson.  I dei  følgjande delane vert livshistoria til Birgit fortalt kronologisk.

Det er ei rørande historie om både overgrep og psykiske problem, men det som løftar boka meir enn handlinga, er den måten Lillegraven brukar eit utval av godt skildra situasjonsbilete til å formidle eit heilt liv. Eg tar meg i å lure på kvifor nokon skriv lange romanar når ei historie kan bli fortalt så effektivt og vakkert som dette. Strukturen i forteljinga er reinskoren som ein skulputur av Giacometti eller eit skjelett, kanskje eg kan kalle det knokkelprosa? Tankane går til Marit Kaldhol og hennar «romanpoesi» i til dømes Darwins sporvar, men Lillegraven er lettare tilgjengleg.

Musikalske gjentakingar
Avansert poesi er dette derimot ikkje, teksten utfordrar verken språkforståinga eller intellektet. Likevel overtyder Lillegraven med godt blikk for detaljar og velklingande språk. Å skrive gode dikt utan gåtefulle formuleringar er vanskeleg på sin måte, for kravet til tanken og dei visuelle kvalitetane i scenene vert skjerpa når forma er meir gjennomsiktig.

Om ein skal måle Lillegraven mot seg sjølv, vil eg likevel seie at Urd var hakket betre. Ei knappare form overlet meir til underteksten enn årets bok. Til gjengjeld nyttar Lillegraven i Manilahallen gjentaking på ein musikalsk og kompositorisk vellukka måte. At tida går skildrar ho slik: «og trea skiftar og blir/grøne og trea skiftar og/blir gule og trea skiftar og/blir grå og trea skiftar og/blir kvite og trea skiftar/og blir grøne». Andre stader dukkar dei same vendingane opp i ulike situasjonar og ladar dermed teksten med meining frå føregåande hendingar samstundes som vi ser utviklinga forteljaren har gått gjennom.

Lillegraven debuterte med Store stygge dikt i 2005, og frå romanen Mellom oss (2011) til no har ho markert seg som ein forfattar med auge for dei gode historiene i vår nære fortid. Ho er difor ein forfattar eg trur etterkvart vil få mange lesarar, men eg håpar at ho også vil utfordre seg sjølv meir på å utforske nye vegar i det poetiske språket.

Tidlegare publisert i Bergens Tidende.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: