Marguerite Duras: Å skrive

Ord fødde av einsemd: Å skrive er ein vakker poetikk der både livet og formuleringsevna til Marguerite Duras gir kvart ord enorm vekt.

Å skrive er eit essay som gjennom aforismar, skildringar og refleksjonar sirklar inn kva det å skrive var for Marguerite Duras. Essayet var opprinneleg del av ei større bok med same tittel, men er utgjeve separat på norsk fordi omsetjar Silje Aa. Fagerlund meinar teksten står godt aleine som poetikk. Det er eg samd i.

Essayet er berre 40 sider langt, noko som gjer det både mogeleg og naudsynt å lese teksten fleire gongar, og er prega av at skribenten er ei eldre kvinne med eit innhaldsrikt liv og ei lang forfattarkarriere bak seg. Det gir kvar setning enorm vekt, sjølv formuleringar som kan verke enkle nok, og Duras seier det rett ut: «Det har tatt meg tyve år å skrive det jeg nettopp sa nå.»

Eit eige hus
Også det ho har lese kling med, som når ho skriv: «Man finner ikke ensomheten, man skaper den (…) Jeg var alene i dette huset (…) Huset ble et skrivingens hus.» Då er vegen kort til Virginia Woolfs innsikter om materielle føresetnader for å skrive slik ho skildrar dette i Et eget rom, som ifølgje Fagerlunds gode etterord var ei av dei viktige bøkene for Duras.

Det mykje omtala huset kjøpte ho etter suksessen med utgjevinga og filmatiseringa av den sjølvbiografiske romanen Elskeren. Ho budde der aleine i ti år og skreiv då mellom anna romanane Lol Valérie Stein og Le Vice-consul. Sistnemnde er mykje omtala i teksten, truleg fordi romanen inneheld element som er sentrale også i poetikken hennar: Urettferda, galskapen, kjærleiken og døden, kort sagt «den dype sorg og banale sannhet som gjelder i alle sinn».

Men først og sist ser skriving ut til å handle om einsemd for Duras: «Ensomhet er det man må ha for å kunne gjøre noe (…) Det er en måte å tenke på, resonnere». Ho var jo ein veletablert forfattar på denne tida, likevel skriv Duras at ho måtte vere aleine for å skrive «bøker som ennå var ukjente for meg». Og om skrivinga av Le Vice-consul seier ho: «den aller minste innblanding i boken, eller selv den minste «objektive» mening, ville kunne utslette den». Det handlar altså om det fokuset ho som kunstnar trong for å opne skrifta si for det nye og ukjende.

Fransk filosofi
Den poetikken Duras skisserar opp, er prega av det franske, litterære miljøet ho vanka i. For meg er det slektskapen med filosof og forfattar Maurice Blanchot som blir tydelegast, han er også nemd i boka. Når ho skriv «En bok, det er det ukjente, det er natten, det er lukket, slik er det», så er det Blanchots omgrep om «den andre natta» eg assosierer til, denne tilstanden kor ein ikkje kan sove og ikkje handle, kor viljen er død og ein difor er nagla til eksistensen. Som hos Blanchot kan skrivinga også hos Duras verke som både eit alternativ til sjølvmordet og eit sjølvmord i seg sjølv: «det å si til seg selv at man ikke trenger å ta livet av seg hver dag, når man jo kan ta livet av seg hver dag».

For det er mykje smerte hos Duras. Ho er kjend som erotisk forfattar, og kanskje er det då heilt naturleg at vegen i skrifta hennar er like kort til einsemda, smerta og alkoholismen som til nytinga. Og det handlar ikkje berre om den personlege smerta, Duras hadde fortid som kommunist og oppveksten i kolonien Indokina hadde gjort henne medviten om «alle verdens folkeslags forestilte, forferdelige skrik». Og når ho skriv om døden, inkluderer ho den døden ingen bryr seg om; ho observerer og skildrar dødskampen til ei fluge. Dermed viser ho korleis alt ho ser er potensiell meining: «Alt rundt oss skriver».

Smerte og humor
Men teksten er ikkje berre smerte, her kan ein også glede seg over konsise formuleringar, dyrekjøpt erfaring og glimt av humor: «Jeg har aldri løyet i en bok. Ikke engang i livet mitt. Bortsett fra til menn. Aldri.» Og då er det jo naturleg, ved hundreårsjubileumet for Duras fødsel, å nemne kor viktig ho har vore for seinare kvinnelege forfattarar. Blant dei store, norske er Vigdis Hjorth og Hanne Ørstavik. Sistnemnde skriv nydeleg i siste nummer av Vinduet om kva Duras roman Emily L. har betydd for henne, og ikkje veit eg om nokon har påpeika slektskapen mellom dei to før, men når eg les Duras no, er det i alle fall svært tydeleg.

Duras gir ikkje noko eintydig svar på kvifor ho skriv, eller korleis ein skal skrive, det kokar ned til at ho skrive, sjølv om det ho gjennom skrivinga strekk seg etter er uoppnåeleg. Likevel kjennest dette viktig. Til dels fordi ho kjem med interessante påstander, som: «Menn tåler det ikke: en kvinne som skriver.» Men også fordi ho skildrar korleis einsemd og angst er naudsynte delar av den kreative prosessen, naturlege kjensler ein både kan og må tåle om ein vil nærme seg dei viktige og vanskelege sanningane.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

4 responses to “Marguerite Duras: Å skrive

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: