NoViolet Bulawayo: Vi trenger nye navn

Utvandra smerte: NoViolet Bulawayo fortel medrivande om ei kompleks og valdeleg samtid, og set med det både Zimbabwe og situasjonen til utvandrarane på kartet. 

«What’s in a name», spør Shakespeare, og mange har gjenteke spørsmålet sidan. Vel, det kan vere både mykje og lite, tenkjer eg, det kan  vere ein heil kultur, eller det kan vere berre ei samling av fine klangar og assosiasjonar av meir privat karakter. Men kvar gong eg les litteratur frå ein annan nasjon, vert eg merksam på kor mykje litteraturen betyr for å fylle namn med meining og kultur, både for å gjere dei som er omtalte synlege for verda og for å skildre deira eigenart og erfaringar. Det ligg difor ei stor sorg i tittelen NoViolet Bulawayo – pseudonym for Elizabeth Zandile Tshele, oppvaksen i Zimbabwe og utvandra til USA – har valgt for debutromanen sin: Vi trenger nye navn. Dei gamle namna, med alt som ligg i dei av overlevert kultur, dug ikkje lenger for livet i ein kultur med andre skikkar og andre krav.

Lettfatteleg og steintung
Tittelen er henta frå ei scene i første del av romanen, som skildrar livet i slummen i Zimbabwe. Tre jenter vil fjerne babyen i magen til ein 11-åring som er gravid fordi ho har blitt valdteken av bestefaren, og fordi dei leikar doktor, finn dei ut at dei må ha namn som passar til rollene. Seinare, i USA, er det dei papirlause innvandrarane og borna deira som må finne seg namn som passar inn i den nye kulturen, forståelege namn som ikkje ropar ut at dei er framande utan rett til å vere i landet.

Sidan dette er fortalt frå eit barneperspektiv, gir ikkje romanen mange fakta om situasjonen i Zimbabwe, i staden fortel forfattaren om det vi ikkje kan google: Korleis livet ser ut for borna som veks opp under ekstreme tilhøve. Forteljaren er den 11 år gamle jenta Darling, som stjel guava i hagane til dei rike og leikar «Finn bin Laden» med vennegjengen sin, som får heim ein AIDS-sjuk far og som er med på karismatisk gudsteneste. Gjennom Darling ser vi dei vaksne, slitet deira, fortvilinga, håpet som flammar opp når det er val og håpløysa som seinare senkar seg svartare enn før: «Når du ser inn i ansiktene deres, er det som om noe som var der reiste seg og samlet sammen tingene sine og gikk sin vei.» Vi ser gravferda til den unge mannen som vart banka i hjel fordi han var politisk oposisjonell, og korleis ungane leikar ut drapet som dei tydelegvis var vitne til. Slik får Bulaway på lettfatteleg og nesten underhaldande vis fortalt ei steintung historie om livet i Robert Mugabes diktatur.

Einsam sorg
Andre del skildrar livet til Darling etter at ho har reist for å bu hos tanta si i Detroit, USA. Det er grelle kontrastar mellom livet i slummen der fellesskapen var sterk, men fattigdomen øydeleggjande, og livet i USA som er prega av stort forbruk, men lite fellesskap. Denne delen er ikkje like overtydande som første del, mest fordi stereotypien om dei overflatiske, uvitande amerikanarane pregar teksten. Samstundes er dei her sett med blikket til tenåringen Darling, og tenåringar er vel ikkje kjende for sitt nyanserte blikk på omverda. Det er heller ikkje rart om saknet av det kjende gjer ein skeptisk til det nye.

Bulawayo skriv sterkt og usminka, og det er den komplekse samtida vår ho skildrar: Tenåringar som ser på internettporno og seinare snakkar på Skype med slektningar og endar med å kaste Mac’en i veggen fordi dei vert skulda for å ikkje elske landet dei har forlate. Eg sit att med ei kjensle av kor stor og einsam sorga er for den utvandra, men dermed har Bulawayo gitt den sorga eit anlet, og med det kanskje gjort ho litt mindre einsam.

Omsett av Ina Vassbotn Steinman

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

One response to “NoViolet Bulawayo: Vi trenger nye navn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: