Jesús Carrasco: Under åpen himmel

Underdog i ørkensol: Den spanske debutanten Jesús Carrasco har skrive ein vakker spaningsroman som gir assosiasjonar til både Cormac McCarthy og Quentin Tarantino.

Det er eit apokalyptisk scenario som møter lesaren i debutromanen til spanske Jesús Carrasco, som no gjer internasjonal suksess. Tittelen, Under åpen himmel, viser til dei nådelause livsvilkåra i eit landskap der regnet har slutta å kome slik at livsgrunnlaget for folk og fe har blitt borte. I tillegg til matmangelen går det som det gjerne går; frustrasjonen spreier seg frå toppen og ned som vald mot kvinner, born og dyr.

Brente markblomar
Hovudpersonen er ein ung gut som ikkje orkar fleire overgrep, vi møter han idet han har rømt og ligg i eit trangt hol i bakken og høyrer mennene i landsbyen leite etter han. «Brølene var som brente markblomster» skriv Carrasco, og viser dermed at han er ein forfattar som uttrykkjer seg i bilete, både poetiske og sceniske.

Han tek utgangspunkt i den konkrete situasjonen, men gradvis veks det fram eit riss av staden og hendingane som har leidd fram til flukta. Er det eit samfunn skada av klimaendringar han skildrar? Det er mogeleg å tenkje, men ikkje den einaste lesemåten, for det sentrale i handlinga er den veike sin kamp mot overmakta både i naturen og i samfunnet og at den kampen er håplaus om ikkje dei veike står saman. For gutungen ville ha døydd i ørkenen i løpet av få dagar om ikkje han møtte på ein gamal geitegjetar som tok seg av han.

Både scenariet og språket kan verke inspirert av Vegen av Cormac McCarthy. Det er som om språket er i det same overlevingsmoduset som romanpersonane, og i korte, saklege setningar held forfattaren fokus på dei handlingane som må gjerast for at ein vaksen og eit barn kan halde seg i live: Finne vatn, finne beite til geitene. Spesielt når guten er fysisk og psykisk på randen og kjempar med sin eigen kropp, tek det biletlege språket over. Slik framstår ikkje metaforane som poetisk pynt, men snarare som forsøk på å skildre det ukjende med det språket guten har tilgjengeleg: «I febervillelsen gynger et nett av gummiaktige kurver og buer på en oljeglatt seng.» Glimtvis lar den allvitande forteljaren oss få vite kva minner og tankar som går gjennom hovudet på guten, og slik byggjer han opp ein undertekst som får teksten til å dirre av spaning når forfølgjarane nærmar seg.

Vald avlar vald
Det er noko ved boka som minner om ein Quentin Tarantino-film: Miljøet er rått og brutalt, ein underdog kjempar for livet og spørsmålet om hemn er viktig. Det er tidvis så spennande at eg må skumlese i rasande fart for å halde det ut og kome til eit kvilepunkt. Carrasco reflekterer også rundt korleis valden spreier seg i eit samfunn, spesielt når guten for første gong har skada eit anna menneske og forventar ros frå gjetaren, men i staden blir beden om leite opp offeret og ta ansvar. Likevel endar det i valdsscener ein Tarantino-film verdig, og alt i alt er vel ikkje boka så mykje meir djuptenkt enn det, heller. Men ho er godt skriven, og omsetjinga til Christian Rugstad er god å lese.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: