Jun’ichirō Tanizaki: Søstrene Makioka

Elegant japansk realisme: Denne nyomsette klassikaren gir ei unik oppleving av æreskultur og familieliv i Japans øvre middelklasse rett før andre verdskrigen.

Jun’ichirō Tanizaki er ein av Japans mest feira forfattarar frå førre århundre, og Søstrene Makioka, som kom ut i tre delar frå 1944-1948, er eit hovudverk i japansk litteraturhistorie. Den norske utgjevinga på 690 sider representerer eit solid løft både av omsetjar Ika Kaminka og Forlaget Press, og gir då også ei oppleving av verdslitteratur: Ei kjensle av å oppleve ei anna tid, ein annan stad og ein annan kultur.

Brytningstid
Romanen minner i mykje om to andre store klassikarar: Huset Buddenbroch av Thomas Mann og Anna Karenina av Leo Tolstoj. Vi får nemleg skildra livet i ein velståande familie på veg inn i andre og vanskelegare tider, og spørsmålet om passande ektefellar er sentralt.

Søstrene Makioka er døtre av ein velståande, no avliden kjøpmann, men familieformuen er raskt minkande. Ektemannen til den eldste søstra er overhovud i familien, men den nesteldste søstra Sachiko er i praksis den som er meste engasjert i å finne ektemenn til dei to yngste søstrene. Det er ikkje enkelt. Først sikta dei for høgt og avviste fleire gode kandidatar, og deretter skada den yngste søstra Taeko ryktet til familien gjennom ei upassande kjærleiksaffære. Sidan Taeko ikkje kan giftast bort før den eldre Yukiko, vert dei to søstrene til hinder for kvarandre, og jo lengre det drøyar, jo vanskelegare blir situasjonen.

Handlinga tek til mot slutten av 30-talet, og livet som vert presentert framstår i mangt som moderne og likt livet i øvre middelklasse i Vesten. Det legg likevel perspektiv til lesinga å vite at det japanske samfunnet endra seg grunnleggjande berre få år seinare, etter at landet gjekk inn i og så tapande ut av 2. verdskrig. Dei to yngste søstrene representerer to ulike kvinneideal som også vert bilete på brytninga mellom den gamle og den nye tida. Yukiko er den tradisjonelt japanske: Pliktoppfyllande, tander og sjenert, men med god helse og stabil psyke. Taeko er i mykje større grad tilpassa dei moderne og vestleg influerte ideala: Kreativ, driftig, livlig og uredd tar ho livet i eigne hender, noko som viser seg risikabelt.

Normer for stil
Romanen framstår likevel ikkje som tendensiøs, snarare er stilen prega av ideala for livsførselen: Balansert, presis, rasjonell. Spesielt kommunikasjonen mellom familiemedlemmane er imponerande rett på sak, trass alle normer for korrekt og høfleg opptreden, og sterke kjensler vert haldne inne sjølv i møte med dødsfall, sjukdom og skandaler. Handlinga er fri for dramatisk oppbygde forviklingar, og narrasjonen følgjer heller ikkje malar av det slaget kor kvar person som vert introdusert fyller ein dramatisk funksjon. I staden glir dagleglivet forbi med små og store hendingar i om lag fem år, og slik får vi portrettert ulike personar, ei sosial klasse og ein kultur.

Teksten verka først langsam, detaljert og litt keisam, men det endra seg etterkvart som eg vart kjend med verda som vert skildra, og temperaturen stig i tredje del. Det dukkar også opp vakkert skildra tablå, og spesielt Sachikos oppleving av ei nattleg eldflugejakt utmerka seg med både maleriske og poetiske kvalitetar. Ika Kaminka har funne eit rytmisk, vakkert norsk uttrykk, og ser også ut til å innimellom ha lagt inn diskret forklarande element i omsetjinga, utan at det verkar påfallande.

Avslutninga av romanen er brå og av dei mest prosaiske eg har sett, og sidan det ikkje røpar noko av handlinga, skal eg sitere den siste setninga: «Yukikos diaré ga seg ikke og vedvarte selv etter at de hadde satt seg på toget.» Lengre vekk frå ein høgstemt slutt er det vel knapt mogeleg å kome, og for meg vart det eit humoristisk blunk frå forfattaren, som har demonstrert at sjølv det gjennomført kvardagslege kan bli elegant realisme.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: