Bergljot K. Nordal: Det ingen har fortalt deg

Kampen utan ende: Konflikten Bergljot K. Nordal skildrar er velkjend, og ser heller ikkje annleis ut etter endt lesing.

Då Norsk kritikerlag nyleg arrangerte kritikarseminar på Lillehammer, uttala den danske litteraturkritikaren Kamilla Löfström: «Jeg vil ikke bruke tid på å lese om mannlige forfattere som leter etter et sted å skrive.» Med Karl Ove Knausgårds Min kamp og Espedals Bergeners i tankane er det lett å seie seg samd i at det temaet er dekt for nokre år framover. Men er det meir interessant å lese om ein kvinneleg forfattar som leitar etter tid og rom til å skrive? For den som har Virigina Woolfs essay om kvinner og litteratur Et eget rom friskt i minne, verkar i alle fall kampen kvinner fører for å få fokusere på sitt eige arbeid meir litteraturhistorisk relevant.

Kaldt og reint
Det ingen har fortalt deg er den tredje romanen til Nordal. Den startar med at eg-forteljaren Karoline – som er forfattar – fantaserar om at mann og born døyr i ei bilulukke, og at ho dermed er fri til å leve berre for å skrive. Det er eit kraftig verkemiddel for å illustrere kor frustrert ho er, likevel uteblir sjokkeffekten. Det kan vere på grunn av tonen i teksten: Adjektiv som «kald og klar» går igjen for å skildre stemma og tanken til hovudpersonen, og trongen til å skrive blir skildra som «lengten etter dette reine og tydelege, med ei tyngd som held». Dette står i motsetnad til det travle familielivet, der krava frå borna artar seg som ein kroppsleg og emosjonell invasjon av det tankelivet mora prøvar å halde i gong. Som ein reaksjon mot dette, prøvar den fysisk og psykisk utslitne Karoline å distansere seg frå alle kjensler. Det pregar språket, som er korthogd og konkret skildrande.

Eit uventa møte med ei venninne frå ungdomstida blir opptakten til eit skriveopphald i København, og spørsmålet er om banda til familien er så sterke at ho nokon gong vil reise attende. Blant dei spennande folka i Danmark viser det seg imidlertid snart at dei òg har heilt spesifikke forventningar til Karoline, og at desse er knytt til hendingar i ungdomstida.

For tynt
Det framgår indirekte at Karoline er i krise, og den taklar ho ved å skrive om ei kvinne som misser alt utan å sørgje. Ho samanliknar seg også med Amalie Skram, som tok livet av seg i København, visstnok «fordi ho ikkje greidde å skrive». No hadde jo Skram ei lang historie med psykisk sjukdom bak seg, så her har Nordal forenkla ein smule, men det sentrale spørsmålet er likevel om Karoline er like desperat, eller om ho berre treng ein pause og ei realitetsorientering. Eit hovudproblem for boka er at det aldri oppstår ei reell spenning rundt dette spørsmålet.

Trass stor gjenkjenningseffekt synes eg alt i alt at dette blir for tynt både i handling og refleksjon. Alle andre karakterar enn houvdpersonen verkar flate og typete, og språket hevar seg sjeldan ut over det alminnelege. Metaperspektivet på forfattarlivet er heller ikkje turnert så godt at det kan konkurrere med alt som er skrive om det før. Knausgård og Espedal er nemnde, i tillegg har vi heile forfattarskapen til Hanne Ørstavik, som skriv langt betre. Dermed må eg seie at Nordals tredjebok verken utfordrar, forfører eller manar til ettertanke.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: