Lena Andersson: Rettsstridig forføyning. En roman om kjærlighet

Hjarteobduksjon: Med kompromisslaus vilje til analyse har Lena Andersson skrive ein original roman om kjærleik.

Ho fell først for orda, for tankane ho finn når ho analyserer kunsten hans. Den feira kunstnaren møter beundringa med takksemd og interesse, og dei samtalar flittig og flørtande ein periode før han endeleg forfører henne. Men så skjer det utenkjelege: Han sluttar å svare når ho tar kontakt! Ester Nilsson er ikkje som kvinner flest, ho nektar å godta det. Hadde han ikkje signalisert at dette var kjærleik? Har ho ikkje rett på noko meir då?

«Hyggelege menneske med sunn fornuft blir ikkje interessante karakterar, dei blir berre gode eksar», sa Isabel Allende i ein TED-talk nyleg. Lidenskap gjer derimot folk interessante. Lidenskap er også nøkkelen til suksessen svenske Lena Andersson har opplevd med romanen Rettsstridig forføyning. En roman om kjærlighet; både elskhugen som rir hovudpersonen og det alvoret forfattaren går inn i kvar situasjon og kjensle med er uimotståeleg.

Kjærleiksspråk
Det som utmerkar romanen, er den rasjonelle tilnærminga Andersson tar for å skildre kor ravande irrasjonelt vi kan te oss når kjærleiken rammar; korleis håpet klamrar seg til kvart minste teikn på at den utkåra kanskje elskar likevel og overser alle teikna på at han faktisk ikkje gjer det. Det er også forfriskande å møte ein kvinneleg, litterær karakter som har så sterke kjensler og så sterkt intellekt, og som analyserer, sørgjer og raser utan skam til ho kjenner at det er over. Ester Nilsson nektar å vere ein passiv pasient, ho er også kirurg, slik Inger Hagerup skreiv om Emily Dickinson: «Og mens puten kvalte skriket / obduserte hun sitt hjerte.»

Berre éin ting saknar eg: I ein roman der kvar frase som vert ytra av den elska mannen blir analysert att og fram, er det påfallande at forteljaren aldri tenkjer på dei seksuelle møta. Anderssen skriv som om sex alltid skjer på same måte, og at det difor ikkje er noko å tolke. Men slik er det jo ikkje? Kanskje har det blitt slik fordi hovudpersonen har styrken sin i det verbale og dermed får problem med å tolke det nakne kroppsspråket? Kanskje er det fordi sjenansen slår inn hos forfattaren.

Likevel er dette ei sjeldan lesaroppleving, og analysene gler ved å vere både treffsikre og velformulerte, som når forteljaren fordjupar seg i kor vanskeleg det er for den forelska å herme naturleg, ikkje-desperat oppførsel: «Ester Nilsson, som vanligvis forkastet skammen og æren fordi begge deler gjorde mennesket til slave under andres bedømmelse, satt der nå og funderte på hvor mye eller lite hun skulle ta av seg jakken for at det ikke skulle merkes hvordan hun elsket.»

Sjuk av kjærleik
Ein ser ofte at tema så skamfulle som dette blir handsama i ein nesten farseaktig tone, slik til dømes Selma Lønning Aarø gjorde i Jeg kommer snart i fjor haust, eller som Heidi Linde gjorde i Agnes i senga i 2012. Anderssons roman er betre og meir original enn desse fordi ho er kompromisslaus i viljen til seriøs analyse. Dermed tilbyr ho eit utanfråblikk på ein situasjon mange av oss har vore i, og det blir pinleg tydeleg kor mykje kjenslene kompromitterer dømmekrafta. Det er så eg ikkje veit om eg skal le eller gråte, men då er det er godt at det er skildra med forståing, ikkje med vitsing. For sjølv om kjærleiken gjer oss til tullingar, kan det kjennest som ein alvorleg nok sjukdom når det står på.

Omsett av Knut Johansen

Teksten er tidlegare publiser i Dag og Tid.

 

Advertisements

2 responses to “Lena Andersson: Rettsstridig forføyning. En roman om kjærlighet

  • Ingalill

    Hei,

    (Har tenkt på å legge igjen en kommentar en stund, men var (er) usikker på om du har lyst til å bli dratt inn i den norske bokblogghverdagen på denne måten, hvis ikke er det bare å slette, no offence, jeg er svært rundhåndet slik -)

    Ville bare si at jeg er svært fascinert av det du skriver om mangelen på sex, eller sex/samleie beskrivelser i denne boka. Så lidenskaplig i sin lengsel, så intelektuell, og kirurgisk, som du skriver, samtalen, og så tilsynelatende likegyldig til det kroppslige. Det får meg till å tenke på En Dåre Fri – som også var lidende, lengtende, intellektuell – og blottet for sex. Interessant!

    • MRG

      Hei, og takk for kommentar. Blir alltid glad for det! Så bra at du hadde tenkt på det samme. Det er ikkje det at eg så gjerne ville lese sexskildringar, men eg fann det altså påfallande at alt anna enn sex blei analysert opp og ned og i mente. Og du har rett i at det samme gjeld Grimsrud. Kanskje det er for risikabelt, sex skal jo vere ekstra vanskeleg å skildre godt. Ein vil jo ikkje ende opp som nominert til Bad sex award …

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: