Donna Tartt: Stillitsen

Terrorisert tidsånd: Donna Tartt gir ei interessant, men noko glansa skildring av psykisk smerte i USA.

Donna Tartt er ein forfattar med ein aura av legendestatus rundt seg; 50 år gamal har ho utgjeve berre tre romanar, men sidan debuten Den hemmelige historien i 1992, har ho hatt ein internasjonal og svært entusiastisk lesarskare som ventar store ting av henne, kanskje rett og slett den neste «Great American Novel».

Den amerikanske litteraturen har jo ein sterk tradisjon for realistiske forteljingar som gjerne er både dramatiske og poetiske, og som ideellt skal seie noko vesentleg om den amerikanske livserfaringa. Sjølv om Donna Tartts nye 840 siders koloss av ei bok, Stillitsen, neppe går inn i litteraturhistoria som ein klassikar på nivå med The Great Gatsby og To Kill a Mockingbird, er det ei medrivande historie som skildrar ei livskjensle eg trur er karakteristisk for det amerikanske samfunnet i vår tid.

Omvendt oppkomling
Stillitsen er nemleg ein roman om posttraumatisk stressyndrom og kampen for sosial status. Tenåringen Theo Decker havnar i både rusmisbruk og kriminalitet når han må gå vidare i livet med frynsete nervar etter å ha overlevd ei terrorbombing der mora hans vart drepen. Han kryp ut av eit bomba museum med to gjenstandar; ein ring som set han i kontakt med ein danna og vennleg farsfigur og det uvurderlige kunstverket Stillitsen. Maleriet vert eit symbol for kunst som kulturell kapital som kan omsettast i både sosial status og reine pengar, men òg på det skjønne som gir livet meining.

Theo er ikkje av fin familie: Mora hadde lukkast med å ta seg opp i den velståande og kultiverte samfunnsklassen i New York, medan faren ikkje lukkast med å slå gjennom som skodespelar og enda som alkoholisert gamblar. Når mora døyr, hentar faren han til Las Vegas kor han blir intim ven både med ulike rusmiddel og den karismatiske, småkriminelle innvandraren Boris.

Seinare klarer Theo å dempe angsten og klore seg fast i New York-sosieteten ved å dope seg og selje forfalska antikvitetar. Han blir ein omvendt oppkomling; han har nok kulturell kapital til at han kan svindle seg til økonomisk og sosial kapital.

Eg ser Theo som representant for unge amerikanarar som veks opp i eit samfunn prega av møtet med terror, sviktande økonomi og aukande klasseskiljer, og kor sjansen til å kunne leve ut «Den amerikanske draumen» på ærleg vis er forsvinnande liten.

Glansa realisme
Tankane går til den franske økonomen Thomas Piketty, som meinar at vi ser framveksten av ei økonomisk overklasse der arva kapital vil skape klasseskiller ein aldri kan forsere gjennom lønnsarbeid. Med andre ord ein tilstand som liknar Storbritannia på Jane Austens tid, og i den konteksten er det interessant å sjå at Theos draumekvinne, Pippa, ikkje treng å jobbe, men lever på arv. Theos redning ser då også lenge ut til å bli at han giftar seg inn i sosieteten.

Hilde Lyngs omsetjing er velklingande, skildringane er detaljerte og truverdige med karakterar som trer klart fram. Men vendinga mot thriller i andre halvdel av boka blir for langdryg, og eg får aldri kjensla av noko faktisk står på spel.

For Tartt har dette ved seg som også pregar bøkene til Siri Hustvedt: Skildringane signaliserer realisme, men er likevel på eit vis tydelegare og glattare enn røynda. Eg kjenner meg trygg på at all dramatikk til slutt vil ende i ei løysing der både protagonisten og lesaren kan puste ut og gå vidare i livet med ny innsikt. Sjølv tjuveri og drap treng ikkje gi reelle konsekvensar i dette universet, alt inngår som dramatiske element i ei eksistensiell danningsreise.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

Advertisements

4 responses to “Donna Tartt: Stillitsen

  • Lammelåret

    Hvordan var språket? Ble du drevet videre eller var den tunglest? Med såpass mange sider bør språket ha et visst driv over seg for at den skal være interessant utover det du skriver her. Interessen min er uansett vekket.

    • MRG

      Språket var både lettlest og godt, og mange av skildringane veldig fine. Men ikkje slik at språket blir ein grunn i seg sjølv til å lese boka, etter mi vurdering i alle fall. Kanskje ville eg ha likt boka betre om ikkje ho var så innmari lang, for eg blei litt utålmodig og dura av garde. Då blir det lite finlesing. Historia er elles medrivande, og det er mange som er begeistra, mellom anna meldaren i Klassekampen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: