Péter Nádas: Slutten på en familieroman

Assosiasjon som brot og band: Slutten på en familieroman er ei lita bok med enorm spennvidde i uttrykket.

Ei av utfordringane i litteraturkritikken er å finne ord for kva som særmerkar den verkeleg gode litteraturen. Men denne gongen fekk eg uventa hjelp frå Virginia Woolf. I Et eget rom skriv ho at dei beste forfattarane tek i bruk både sine mannlege og kvinnelege sider, og at assosiasjonskraft er eit teikn på det androgyne.

Ungarske Péter Nádas, ofte nemnd som kandidat til Nobelprisen i litteratur, er også oppteken av assosiasjonar. I eit intervju med Helge Jordheim i 2012, gjengive i Morgenbladet, sa han: «Vi kan ikke tegne noe kart over forløpet i en erindring. (…) Assosiasjonene er så springende at man ikke kan følge dem presist, ikke engang hos seg selv.» Dei to hovudverka hans, Erindringens bok og Parallelle historier I-III, er komponert i tråd med denne innsikta. Det er også deira slankare og lettare tilgjengelege forløpar, Slutten på en familieroman frå 1977, som no er utgjeven på ny av Agora.

Slekters gang
Assosiasjonar representerer paradoksalt nok både samanheng og brot, og i skildringa av tiåringen Péter Simon artar dei seg som brå hopp mellom ulike scener. Det går att og fram i tid, men når siste side kjem, har vi fått skildra perioden før og etter at besteforeldra døydde og faren hans vart arrestert av kommunistregimet. Lange parti av teksten er bestefaren si forteljing om dei jødiske forfedrene heilt attende til Jerusalem på Jesu tid. Det er ei historie om antisemittisme; eg sit at med inntrykket av at den vanlegaste dødsårsaka i slekta var mordbrann, og ofte var det berre éin overlevande som førte arven vidare. Péter Simon blir sjølv ein slik einsam overlevar når han til slutt vert plassert i eit bokollektiv for born av dømde forrædarar.

Over halvvegs i teksten kjem den vaksne forteljaren til syne i eit glimt: «Jeg sitter her eller ligger der og kanskje er det hele en misforståelse, og jeg har bare ikke merket at jeg i mellomtiden har fått en sønn og en sønnesønn; jeg ble gammel og døde, og den gutten som er jeg, iakttar meg nå.» Dei springande assosiasjonane, som først framstår som karakteristisk for eit barn, er altså minneflaumen hos forteljaren; han er punktet som bind den mangfaldige teksten saman.

At kjensler og intellekt er sameina i det litterære uttrykket, er eit anna av Woolfs kjenneteikn på androgyn litteratur. Nádas meistrar dette, og det mest særprega med boka er den store spennvidda i korleis kjensler vert formidla. Skildringa av den temperamentsfulle bestefaren er underhaldande, og spesielt er møtet mellom han og bror hans skildra med stor og vakker intensitet: «Bestefar brølte. Onkel Frigyes brølte. Og de slapp ikke, men dro og klemte hverandres hender blant kopper og sølvtøy på bordet.» Dette står i kontrast til dei poetiske, men nedtona skildringane av korleis tiåringen Péter Simon taklar å misse heile det livet han kjenner. Det gjer ikkje mindre inntrykk. Nádas nyttar også utropsteikn med uvant iver; ein stad vert heile seks påfølgjande setningar avslutta med dette for tida miskrediterte teiknet.

Brotestetikk
Teksten spenner altså frå folkeleg burlesk forteljartradisjon til poetiske fantasiar og konkrete skildringar der kjenslene berre indirekte kjem fram; til saman ei uvanleg variert og rik lesaroppleving! Nádas kommenterer (gjennom bestefaren) si eiga form slik: «En følelse som vil skape seg en form, er et respektløst brudd på loven!» Dermed skriv han seg inn i den brotestetikken som er så sentral i den litterære modernismen, men koplar også brotet i form til brot med den jødiske religionen samt til både jødisk utanforskap i europeisk historie og det usikre livet i eit paranoid diktatur. Han viser at brotet ikkje alltid er eit val, men snarare eit eksistensielt grunnvilkår. Nettopp difor er det så viktig å fortelje historia si: «Om vi skal forgå, må i hvert fall noen bringe beretningen om vår skjebne videre!»

Den beste litteraturen kan skape samanheng og fellesskap utan å fornekte mangfaldet, brotet og tapet, og i dét ligg meisterskapet hos Nádas.

Omsett av Mária Fáskerti

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: