Julie Otsuka: Buddha på loftet

Historisk mosaikk: Julie Otsuka har fornya den historisk romanen gjennom å nytte vi-forteljar på både vakkert og teknisk imponerande vis. 

Buddha på loftet av Julie Otsuka er ein roman med kollektiv forteljar, og det gir ei radikalt ansleis lesaroppleving enn den tradisjonelle, psykologiske innlevinga i éi individuell forteljarstemme. Otsuka er ein amerikansk forfattar med japanske anar, og debuterte i 2002 med ein roman om interneringa av japanarar i USA under 2. verdskrig: When the Emperor Was Divine. Den tematikken kjem ho også inn på i denne nye, kritikarroste romanen, men her er fokuset på historia til dei innvandra japanarane i USA fram til bombinga av Pearl Harbor forandra alt.

Lokka med løgner
Hovudpersonane er japanske postordrebruder som kom til California på 20-talet, arbeidde knallhardt i 20 år for så å bli røska ut av nærmiljøa sine som ugras. Otsuka har valgt å gjengi hundrevis av fragment frå eit ukjent tal skjebner basert på ei stor mengd skriftlege kjelder. Det høyres slik ut:

«På båten var vi flest jomfruer. Vi hadde langt, svart hår og brede plattføtter og var ikke særlig høye. Noen av oss hadde ikke spist annet enn risvelling som barn og hadde krumme bein, og noen av oss var bare fjorten og fremdeles barn selv. Noen av oss var fra byen og gikk i smarte byantrekk, men mange flere av oss var fra landet og gikk med den samme, gamle kimonoen her som vi hadde gått med i årevis – falmet, arvet etter en søster, lappet og farget om igjen flere ganger.»

Slik får ho vist kor store forskjellar det kunne vere mellom ulike skjebner; nokre endte som prostituerte medan andre møtte sin store kjærleik alt på reisa og vart redda frå eit liv i kjærleikslaust slit. Samstundes veks det fram eit bilete av ei innvandrargruppe med mange sams trekk som vart utsette for dei same samfunnsmessige og historiske realitetane. Alle var lokka til USA ved hjelp av løgner om kven og kva som ville møte dei, alle hamna på botnen av samfunnet dei kom til, og ingen av dei kunne gjere anna enn å arbeide, arbeide, arbeide for i det minste å gi neste generasjon eit betre utgangspunkt.

Gjentaking og motsetnad
Teksten er som ein mosaikk av historiefragment, men på same måte som i eit glassmaleri er det tydelege mønster å sjå: Eit kapittel handlar om livet på amerikabåten, eit kapittel om det første seksuelle møtet med den nye ektemannen, eit kapittel om møtet med dei kvite amerikanarane, og slik held det fram. I somme parti startar alle setningane likt. I andre parti fortel kvar setning ei historie som skil seg kraftig frå den i setninga før. Etterkvart ser vi at somme miljø dukkar opp fleire gongar, som den japanske bydelen J-Town eller fruktplantasjane på landsbygda. Siste kapittel er ei skildring av korleis andre amerikanarar reagerte då alle japanarar plutseleg var borte frå lokalsamfunnet.

Dette er ein måte å fortelje på som eg aldri har sett før, sjølv om eg har lese andre tekstar med vi-forteljar. Teksten er komponert med teknisk presisjon og poetisk gehør, og i omsetjinga til Ika Kaminka framstår språket som både informativt og vakkert, liksom i grenselandet mellom sakleg prosa og biletleg komposisjon. Det fungerar strålande for dei om lag 120 sidene som ein kan lese i eit einaste jafs, men mot slutten merkar eg at stilen også kan få eit preg av oppramsing som gradvis slit bort sjarmen. Likevel kan eg ikkje anna enn å applaudere eit verk som framstår som ei ny form for historisk roman og fortel ei mangefasettert historie så effektivt og vakkert.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: