Kristian Bang Foss: Døden kjører Audi

Splitter pine: Det er ingenting det er betre å le av enn det som er til å gråte av.

Skjønnlitterære tekstar som er skrivne for å få deg til å le er i mine auger dømt til å mislukkast. Eg avskyr forviklingskomedier. Tekstar som er skrivne for å vise kor jævlig livet er, kan derimot bli ganske artige; forklar det den som vil. Det er ei slik bok danske Kristian Bang Foss har skrive, og for det har han fått EUs litteraturpris 2013. Det er riktignok ein pris med mange vinnarar, peika ut av nasjonale juryar. Eg veit det, for eg sat i den norske juryen for ei tid sidan. Men likevel – Døden kjører Audi har blitt gjennombrotet for Bang Foss, som frå før hadde utgjeve to romanar.

Realisme og respekt
Livet er ikkje er rettvist, det prøvar ikkje å gi inntrykk av det eingong. Nei, den som har, skal få, og den som ikkje har, skal få stadig meir tyn. Riktignok oppnår ein og annan såkalla «sosial mobilitet»; men for forteljaren i denne romanen, Asger, går mobiliteten diverre feil veg. Han har sambuar og jobb i reklamebyrå, men med historisk dårleg timing gjer han ei tabbe som pådrar byrået ein rettssak midt i finanskrisa i 2008, og misser først jobben, så sambuaren. Han endar som assistent for Waldemar, ein mann med fleire sjukdommar enn vener og familie utgjer til saman. Han har riktignok ikkje vener, berre betalt hjelp.

Bang Foss skildrar illusjonslaust og spissa, men utan å smøre for tjukt på. Det gir teksten ein fin, svart finish. Den underpriviligerte forstaden kor Waldemar bur, teiknar han utan idealistisk oppløftande perspektiv; håpløysa ligg som ei tåke over forsøplinga, og det mest interessante som skjer er hærverk og kamp om tilbodsvarer i billegbutikken. Waldemar blir til gjengjeld skildra med stor respekt; han er ein seig stoikar som overlever på rein trass.

Under sånne høve er humor kanskje det einaste som gjer livet verd å leve, og det umake paret; lille, skakke Waldemar i rullestol og den tidlegare reklameprodusenten, utviklar eit sams blikk for absurditetane i forbrukar- og klientsamfunnet. Til dømes får dei mykje moro ut av at Ikea averterer «høye puter til sideliggere», og skaffar sporenstreks legeerklæring på at Waldemar er «sideligger» og difor må få offentleg tilskot for å kjøpe seg høg pute.

Kvardagsmagi
Men for Waldemar byrjar det å haste om han vil sjå meir enn innsida av ei trygdeleiligheit før han døyr. Dei to legg ut på biltur gjennom Europa for å oppsøkje ein marokkansk healer. Døden lar seg imidlertid ikkje reise ifrå, faktisk viser det seg at han bokstaveleg tala køyrer Audi. At romanen på denne måten trakkar over i det fantastiske, tilfører i mine auger ikkje historia så mykje, det vanlege livet er absurd nok i seg sjølv, og Bang Foss er på sitt aller beste når han lar historia ta av inn i uventa episodar og innfall som ligg godt innanfor det realistiske.

Blant det finaste i boka er ei scene kor ein ei gruppe menneske står og glanar på ein rømt ape som sit på eit tak medan sola går ned og ein nabo spelar tuba. Det er slike stunder som blir magiske, både i livet og litteraturen.

Bang Foss har ein presis og ujålete stil, men tillet seg innimellom poetiske vendingar som kan formidle den magiske kjensla av unike augeblinkar. Omsetjar Kyrre Andreassen har tatt vare på både humoren, melankolien og den fine flyten i språket.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: