Siri Hustvedt: Denne flammende verden

Flammande opplyst: Siri Hustvedt er ein intellektuelt utforskande forfattar som blir stadig skarpare og råare.

Eg trur mange kvinner på eit eller anna punkt i livet har spurt seg det spørsmålet Siri Hustvedts nye roman kretsar om: Ville folk likt det eg gjer betre om eg var mann? Likevel er det noko overraskande ved at Siri Hustvedt, som sett frå Noreg er ein feira forfattar, skulle gå laus på problemstillinga med slik indignasjon som ho gjer i Denne flammende verden.

På den andre sida er det berre eit år sidan eg las ei bok med ei beslekta problemstilling frå ein av Sveriges mest profilerte forfattarar: Grand finale i svindlerbransjen av Kerstin Ekman. Så begge må gjennom livet ha opplevd eller observert korleis offentleg persona vert avgjerande for graden av suksessen ein kunstnar opplever. På kvar sin måte skildrar dei korleis dei sosiale normene for kvinner kolliderar med krava som vert stilte til store kunstnarar.

Finn feminin feil
Påstanden til Hustvedts hovudperson, den oversette kunstnaren Harriet Burden, er radikal:

«Alle intellektuelle og kunstneriske bestrebelser, selv vitser, ironier og parodier, gjør det langt bedre i publikums sinn når publikum vet at man bak det store verket eller den store humbugen, kan lokalisere en pikk og et par baller.»

Utsegna er ikkje kun basert på eigne erfaringar, men blir understøtta av forskning på persepsjonspsykologi som viser at til og med kvinner vurderer prestasjonar høgare når dei er knytt til eit mannsnamn.

For å demonstrere dette, vel Burden å publisere tre store kunstinstallasjonar i namna til mannlege kunstnarar. Alt går etter planen heilt til den siste samarbeidspartnaren tar heile æra sjølv, og ingen vil tru Burdens påstand om at ho er kunstnaren.

Boka er lagt opp som ei samling tekstar samla frå menneske i miljøet rundt hovudpersonen samt dagbøkene til Burden sjølv, og er full av litteraturreferansar og forklaringar frå ein fiktiv redaktør. Det er ei noko omstendeleg form, men som utforsking av emne knytt til kjønnsidentitet og kunstresepsjon er det svært interessant lesing.

Burden vert framstilt som ein stor kunstnar som verken kritikarane eller publikum er mottagelege for fordi ho bryt med kunstnarmyten dei dyrkar. Ho er ei svært høg og frodig kvinne, meir intellektuell og kunnskapsrik enn dei fleste, utan evne til småprat, men med eksplosivt temperament. Ho er oppofrande mor til to og kona til ein rik, velrennomert kunsthandlar, eit faktum som vert brukt til å avskrive at ho sjølv kan ha noko originalt å kome med som kunstnar.

Høgare temperatur
Så kor sannsynleg er det at ein så intelligent, talentfull og fargerik person som dette skal vere, ikkje ville klare å markere seg i eit miljø der hennar eigen mann var ein autoritet? Det er vanskeleg å vurdere når eg ikkje kjenner kunstscena i New York, men Hustvedt peikar på eit par moment som aukar truverdet: For det første den klumpen av «smertelig usikkerhet» særleg unge kvinner ber på, og som får deg til å liste deg gjennom livet «så snill og pen som du bare kan».

Det andre er det paradoksale i å ønske popularitet i eit særskilt miljø, når ein avskyr den veremåten som må til for å slå gjennom i det same miljøet. Det er å ønske seg ei verd som ikkje finst, der møtet mellom kunst og tilskodar ikkje blir forstyrra av dei psykososiale mekanismane som verkar både i individet og i sosiale miljø. Så er spørsmålet om dette er mekanismar det er mogeleg å endre ved å gjere oss merksame på dei. Håpet er lite, men dyrt.

Hustvedt viser i denne romanen meir temperament enn eg kan hugse å ha sett hos henne før. Eg har lese henne som ein cerebral forfattar som tolkar verda i lys av teoretisk kunnskap, noko som ofte har resultert i litt for velkategoriserte litterære univers etter min smak. Denne romanen er ikkje heilt fri for dette, men tenar på at både hovudpersonen og språket, i Bodil Engens omsetjing, er røffare enn tidlegare, og at problemstillinga er lagt fram med ein inspirerande kombinasjon av klare tankar og flammande engasjement.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: