Lars Ramslie: Liten fugl. Mors bok. Sangen om kornet

Tam psykologisk thriller: Lars Ramslie har gjort hamskifte og leverer eit subtilt kvinneportrett.

Lars Ramslie har lagt om stilen totalt når han no kjem med sin sjette roman, ti år etter siste utgjeving. Tidlegare har han brukt eg-forteljarar som fortel rått og direkte, ofte vendt til eit du, og historiene har vore fulle av fart og dialog. Han fekk Tarjei Vesaas debutantpris for Biopsi i 1997, men er mest kjende for Fatso frå 2003, som handla om ein usikker tjukkas, «Jeg skulle pult deg så jævlig hardt»-Rino. Uglybugly (2004) handla om eit par siamesiske tvillingar som viste seg fram på sirkus. Burleske scenario, altså.

Den gode viljen
I den nye romanen, som visstnok skal vere første bind i eit større verk, går Ramslie derimot så langt over i det subtile og neddempa at det trugar innlevinga til lesaren. Det verkar litt fjernt, det heile. Men stilen kler hovudpersonen, som er motsatsen til dei unge mennene han tidlegare har skildra; ei moden, reservert kvinne.

Liten fugl startar på sjukehuset, kor kvinna sit ved senga til ei tenåringsjente som ligg i koma, alvorleg lemlesta. Gjennom ein allvitande forfattar får vi så forhistoria om korleis relasjonen har utvikla seg mellom desse to, som berre blir omtala som «mor» og «jenta», gjennom eit år ved ein internatskule der mor var admistrativt tilsett og jenta elev.

Portretta som veks fram gjennom forteljinga er det sentrale i boka: Den introverte og reserverte vaksne i møte med ei sårbar tenåringsjente full av kjensler. Problema startar då jenta forelskar seg i ein gut mor ikkje likar, samstundes som mor ikkje skjønar korleis eigne kjensler og fordommar påverkar dømekrafta hennar. Sjølv er ho overtydd om sin eigen gode vilje, men dermed gjer ho seg truleg skuldig både i psykisk maktbruk og fatale feilvurderingar.

Distanserte skildringar
Maktspelet mellom desse to svært ulike kvinnene gjer det nærliggande å kalle boka ein psykologisk thriller, men riktig dramatisk blir det aldri, forteljinga kjem ikkje tett nok på. Kven forteljaren er, som kallar kvinna for «mor», får vi aldri vite. Alt som skjer er difor gjengjeve som om det er filtrert gjennom to medvit: Korleis mor opplevde hendingane, og korleis forteljaren ser og skildrar henne. Dramatiserte scener med replikkar finst ikkje, i staden er teksten prega av detaljerte skildringar i tilbakeblikk. Det er som å sjå ein film der dialogen er erstatta av voiceover – det blir noko kontemplativt og tamt.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: