To bøker om justismord

Trua mi på humaniora er styrkt, men det er ei fattig trøyst når trua på rettstryggleiken i Noreg har fått ein grundig knekk.

Johan Dragvoll, Bjørn C. Ekeland og Arild Linneberg:
Justismordets retorikk
Vidarforlaget, 2013

Jan Tennøe:
Torgersensaken. Juks satt i system. 1957–2013
SpreDet, 2013

Domstolane har meir tillit i det norske folket enn både Storting, Regjering og politi, stod det i VG 5. januar i år. Humanistisk vitskap har derimot blitt proklamert «i krise» gjentekne gongar på 2000-talet. Alle hugsar vel at debatten rundt Harald Eias TV-program Hjernevask i 2010 gav «den mjuke vitskapen» eit gigantisk imageproblem, og påstandane om at humaniora ikkje tar konsekvensen av naturvitskaplege funn, dukka seinast opp i eit essay av Steven Pinker i Morgenbladet i oktober. I Noreg så vel som internasjonalt slit også humaniora i konkurransen med realfaga om forskingsmidlane.

Utan fasitsvar?
Statusgapet mellom juss og humaniora er tankevekkjande, for er ikkje begge delar tolkingsvitskapar utan fasitsvar? Ein avgjerande forskjell er sjølvsagt at jussen har eit udiskutabelt praktisk føremål, medan humanistiske fag som filosofi, lingvistikk og litteraturvitskap har mindre tydeleg definerte bruksområde. At det likevel er nær slektskap mellom fagdisiplinane, vert tydeleg om vi ser på eit grunnleggjande prinsipp i rettssystemet vårt: Ingen skal dømmast dersom det er rimeleg tvil om skuldspørsmålet. Ei slik vurdering må skje gjennom språket, og ein viktig test på rettstryggleiken er difor spørsmålet om juridiske vurderingar gir tvilen stor nok vekt. Ifølgje to bøker som kom ut sist haust, er svaret nei.

Les resten av meldinga på nettsida til Prosa.

Eg har også skrive om Justismordets retorikk i blogginnlegget «Språket som sperrar» på Kritiske tilstander.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: