J.M. Coetzee: Jesu barndom

Guddommeleg komedie: J.M. Coetzee skriv ukonvensjonelt, humoristisk alvor slik berre store intellekt klarer.

Ifølgje forlaget har J.M. Coetzee no skrive ein «uavbrutt overraskende roman». Sjølv lar eg meg stadig overraske over kor dårleg det står til med språkkjensla i norske forlag. Men at vinnaren av Nobelprisen i litteratur i 2003 har skrive ein intelligent allegori kor det er umogeleg å gjette kva som vil skje, er eigentleg som forventa. Omsetjinga, som Mona Lange har stått for, ser elles ut til å vere god, men då må det også leggjast til at det avanserte ved denne romanen ikkje ligg i setningskonstruksjonane, som stort sett er enkle og rett på sak. I staden er det finurlege og underhaldande å finne i den doble botnen alle hendingar og replikkar får på grunn av tittelen: Jesu barndom

Vesle-Jesus
Historia startar med at ein godt vaksen mann, Simón, kjem til eit offentleg mottak saman med den lille guten Davíd. Det viser seg at dei er i eit land menneske kjem til for å leggje sine gamle liv bak seg, og Simón har teke seg av den foreldrelause guten etter at dei møttes på skipet som frakta dei dit. Etter seks veker i ein leir kor dei måtte lære seg spansk, møter dei byråkratar som tildeler dei bustad i eit samfunn som verkar både fornuftig og vennleg, men merkeleg tømt for lidenskapar. Simón er overtydd om at han skal finne ei mor til Davíd, og at han vil kjenne henne igjen med det same han ser henne.

I den gåverike, men sta og – som seksåringar flest – lettlurte Davíd kan vi altså sjå føre oss korleis Gud inkarnert i ein barnekropp ville te seg. Eg må flire i skjegget når han blir utvist frå første klasse fordi han er i konstant opposisjon til læraren, som dermed gir Simón følgjande beskjed: «Sønnen Deres har behov for spesiell oppmerksomhet av et slag vi ikke kan gi på en vanlig skole.» Eller når Davíd er på besøk hos ein mann han beundrar, ikkje vil bli henta heim og seier: «Nei! Jeg har ikke noen mor, og jeg har ikke noen far. Jeg bare er.»

Referansen til «Eg er» i 2. Mosebok er openberr, eller ein kan assosiere til Bibelens Jesus som 12 år gamal meinar at han høyrer heime i tempelet fordi han er Guds son. I romanuniverset ville det gjere den valdelege dagdrivaren señor Daga til den himmelske fader, eventuelt presteskapet. Slik kan ein leike seg med å tolke allegorien, utan at det nokon gong går opp på ein eintydig måte. Men det finst mange døme på intertekstualitet med evangelia, og mot slutten er den lille frelsaren alt i full gang med å samle disiplar.

Dialog med det ukjende
Umiddelbart er det lite ved teksten som signaliserer komedie: Både tonen og hendingane er av det kvardagslege og lite dramatiske slaget. Innimellom rører samtalen seg inn på filosofiske spørsmål som er reelle nok, men framstilt på ein uhøgtidleg måte som av og til grensar mot parodien, som når læraren på eit offentleg filosofikurs forkynner at dei skal «fortsette vår utforskning av bordet – bordet og dets nære slektning stolen.» Altså for å nærme seg ideen bord og ideen stol.

Store delar av teksten har form av samtalar, noko som er ukarakteristisk for Coetzee, og spesielt i dei oppdragande dialogane mellom Simón og Davíd kjem kontrasten mellom den snusfornuftige, velorienterte vaksne og det intuitive, fantasifulle bornet fram på ein måte som både er gjenkjenneleg og fruktbar for vidare refleksjon. Sjølv om skildringane av Davíd har eit humoristisk aspekt, opnar dei også for at små, uferdige menneske kan bere kimen til noko stort og ukjend i seg.

Coetzee var sjølv eit evnerikt barn som ikkje passa inn blant andre born. I Barndom frå 1997 skildrar han korleis han var eit dydsmønster ute og ein liten hustyrann heime, noko vi kanskje kan sjå spor av i den relasjonen Davíd utviklar til henne han etterkvart får som mor. Det kan difor vere at det er drag av sjølvironi i skildringa av vidunderbarnet, men det veit berre forfattaren sjølv. Uansett er historia ukonvensjonell på den måten som kjenneteiknar tankane til store intellekt, og humoren gjer ikkje det eksistensielle alvoret mindre.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: