Amalie Kasin Lerstang: Europa

Den danande krisa: Amalie Kasin Lerstang har blikk for nyansar, men har valgt ei anonym og krevjande form.

«Nye ting må ha lov til å skje dei òg» er ei Olav Duun-formulering eg har fått med meg vidare i livet fordi søstra mi i si tid hadde Gullkorn av Olav Duun liggjande på do. Og debutantane må få lov til å debutere, sjølv om det i dagens kulturklima vert hevda at det er for mange av dei, og at dei ikkje har noko å seie. Eg trudde først at Amalie Kasin Lerstang var ein slik, men har kome til at ho snarare er mellom dei som krev mykje av lesaren. Ho har skrive ein daningsroman der eit kriseramma Europa set perspektivet.

Korte setningar
Europa startar «in medias res», i ei scene kor eg’et vitjar symjehallen og viser seg psykisk ustabil ved å trampe eit barn på foten. Det kjem etter kvart fram at ekskjærasten har debutert litterært med ei skandaløs skildring av henne. Samsundes har ho oppdaga at ho er gravid. Vi får aldri vite kva som stod i boka eller om det er ekskjærasten som er barnefaren, i staden følgjer vi henne på flukt; først heim til mora, sidan til ein ikkje namngjeven storby i Europa.

Kasin Lerstang skriv heilt grei prosa, og har lagt seg på ein stil med korte setningar. Eg, som er svak for det langstrakte og fløymande, synes det blir stakkato med så hyppige punktum. Men scenene stig tydeleg fram, og det knappe og tidvis springande gir eit passande, indirekte uttrykk for den lite verbale fortvilinga til hovudpersonen. Innimellom har forfattaren lagt inn hopp i tid eller parti kor fantasien bryt inn i realitetane; verda slik eg-forteljaren opplever ho.

Den unge kvinna i Europa er ikkje ein vanleg turist, ho er verkeleg i krise, for utsiktene til eit liv som aleinemor ikkje noko å kimse av, sjølv ikkje i Noreg. Men pengar er aldri eit problem, og ho kan når som helst reise attende til tryggleiken heime. Det gir difor blanda kjensler når ho søker støtte hos ein fattig bygningsarbeidar som bur i ei kummerleg, overbefolka leiligheit. Ho tar til å jobbe saman med han, utan løn. Når heile arbeidslaget får sparken, er reaksjonen hennar: «Men jeg trenger den jobben i stillaset». Ho altså, ikkje han.

Kritisk spegel
Effekten er nok tilsikta, for Kasin Lerstang har valgt ei form der det er opp til lesaren å tolke kva som ligg i hendingane. Utover i boka gjennomgår hovudpersonen ei utvikling mot større empati og personleg ansvar. Spesielt når mora kjem på vitjing, vert kontrasten mellom rike turistar og dei fattige byborgarane skrikande, samstundes som den stadig namnlause hovudpersonen opplever tryggleiken i å ha ei mor. Relasjonen mellom dei, som langt frå er rosenraud, er godt sett og skildra.

Boka set opp ein spegel for lesaren, for det er vel slik for oss alle at ingen kriser i verda opptek oss meir enn våre eigne. Samstundes gir nauda hos andre eit korrigerande perspektiv på eigne liv. Dette er sympatisk, men noko utydeleg formidla. Ved å anonymisere både hovudpersonen og byen ho reiser til, gjer forfattaren boka til eit hovudsakleg intellektuelt prosjekt, og historia skaper ikkje det store engasjementet. Skildring av tilhøva i ein konkret storby ville ha gjort romanen meir interessant og det kriseramma Europa til meir enn ein kulisse. Anonymiseringa er imidlertid ikkje uttrykk for eit reduserande blikk, snarare sit eg att med kjensla av at Kasin Lerstang er ein forfattar som kan sjå og formidle subtile nyansar.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: