Kjell Westö: Svik 1938

Lagnadsåret: Kjell Westös Nordisk Råds-nominerte roman Svik 1938 kan ein både lese som ein vellukka historisk roman og ein mindre vellukka spenningsroman. 

Den historiske interssessa mi har blitt sterkare jo meir av mitt eige liv som går over i historia, altså nok eit utslag av narssisisme. Difor har eg med åra blitt mindre oppteken av kor litterært avansert ei bok er, så lenge ho forsyner meg med ny kunnskap og interessante tankar, og elles unngår å irritere. Den nye romanen til finlandssvenske Westö slår meg ikkje som ein openberr kandidat til Nordisk Råds litteraturpris, men er godt nok fortalt til at eit skjebneår i finsk og europeisk historie stig levande fram.

Kuling før stormen
1938 var året då mange terningar vart kasta: Tyskland okkuperte Austerrike og Sudetenland i Tsjekkoslovakia, og 9. november var Krystallnatta; det første store angrepet på tyske jødar. I Sovjet vart Stalins utrensking av politiske motstandarar gjennom Moskvaprosessane fullført, og at hundretusenvis hadde blitt avretta eller døydd av svolt i Gulag, svekka den sovjetiske hæren kraftig.

Finland stod i ein spesiell relasjon til begge desse stormaktene: Tjue år tidlegare hadde finnane fridd seg frå russisk overherredøme då russarane hadde nok med Oktoberrevolusjonen og den følgande borgarkrigen. Men Finland hamna også i ein kort, men blodig borgarkrig. Tyske soldatar hjalp då «dei kvite», konservative styrkane å vinne over «dei raude», sosialistiske styrkane, som på si side var støtta av russiske soldatar. I 1939 gjekk Sovjet til åtak på Finland, men finnane slo dei attende gjennom Vinterkrigen.

Plotet i Svik 1938 startar med at sekretæren Mathilda Wiik møter på sin tidlegare overgripar i herreklubben til arbeidsgjevaren sin. Men han kjenner ikkje igjen henne. Våren 1918 var ho nemleg ein mager sekstenåring i ein av fangeleirane kor den tapande parten av borgarkrigen vart internert, medan han var ein ung soldat. Møtet vekkjer til live Mathildas alter ego, Miljafrøken, den delen av henne som framleis lever i krigstraumene, og som vil ha hemn.

Parallelt følgjer vi livet og tankane til advokat Claes Thune. Han tilhøyrer den svensktalande eliten i Helsingfors, eit lite og klaustrofobisk miljø. Han har nettopp mist kona si til sin beste ven, men vert likevel verande i deira sams vennegjeng, Onsdagsklubben, kor diskusjonane går høgt om brennbare tema i samtida: Hitlers politikk, synet på jødar og den medisinske utviklinga, kor til dømes eutanasi var omdiskutert.

Spenning utan overraskingar
Slik drar forfattaren effektivt opp eit bilete av Finlands mellomkrigshistorie, men unngår den typen kunstig oppramsande og belærande utgreiingar som er akilleshælen til den historiske romanen. Samstundes er ikkje dramatikken særleg medrivande: Mykje av historia er fortalt i refererande tilbakeblikk, noko som gir teksten eit kontemplativt preg. Eit lettvint dramatisk grep er at Mathildas overgripar berre blir omtala som Kapteinen. Når det endeleg blir røpa kven han var, er «overraskinga» så grundig varsla at ho knapt har kraft til å løfte på eit augebryn.

Likevel er boka spennande, berre på eit anna plan: Det er noko skummelt aktuelt i å lese skildringa frå utkanten av eit Europa på kanten av krig. Økonomiske kriser, forfølging av utsette grupper, veksande politisk ekstremisme og valdelege konflikter, menneske i vårt eige lokalsamfunn som ber på alvorlege krigstraumer. Samstundes går livet sin vante gang og ingen veit kva vi har i vente.

Boka er omsett av Erik Krogstad

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: