Eli Fossdal Vaage: Hekla myter

På spor av formor: Eli Fossdal Vaage skriv med sjarm og nostalgisk innleving om livet til formødrene.

Når Eli Fossdal Vaage debuterer med ei diktsamling om formødrene sine, føyer ho seg inn i rekkja av poetar som dei siste åra har fortalt historier om slekt og heimstad. Døme er Ingrid Storholmens Siriboka og Mona Vetrhus’ Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld, og i fjor fekk Ruth Lillegraven Brageprisen for Urd.

Pregnante glimt
I Hekla myter møter vi både einskilde skjebner og generelle førestellingar om livet før i tida. Dikta er som fortetta forteljingar; lettlesne, men med rom for tolking. Ikkje alle står like godt aleine, men som del av ei større historie er dikta gode fordi dei gir pregnante glimt av liv eg blir nyfiken på. Her er ulukkeleg ekteskap, ein pleietrengande mann og noko eg les som eit drap med seksuelle overtonar. Men vonde kjensler la ein i skuffa med hekletøyet.

Ei innvending er at skildringa av gamle dagar held seg i dei velkjende førestellingane: Seterliv og slakting, salmesong om fortapinga. Hardt slit og ungefødslar på jordgolv. Mot det bakteppet verkar det alltid lett sjokkerande at folk kunne røyke på «nypulte laken» den gongen også. Poeten ser, med nostalgi i blikket, at strengare normer gir rom for dramatikk.

Kjærleik på tvers
Det lyriske eg’et har busett seg på ein fråflytta gard, og gradvis gjer ho kulissene for fortida om til rom for sitt eige liv. Seinare får vi høyre om livsminna til gamla på aldersheimen. Ikkje alle dei poetiske bileta er like originale. Men det gjenkjennelege har sin eigen sjarm, slik øskjer med fruktknivar og sjanglande løkkeskrift får stå som bilete på bryllaup og skriving av takkekort.

Det er alt i alt ein sjarmerande diktdebut, dette. Spesielt er dei siste dikta vakre uttrykk for kommunikasjon og kjærleik på tvers av generasjonane, og for sorg ved bortgangen til dei kjære gamle.

Ein litt forkorta versjon av teksten er tidlegare publisert i Bergens Tidende.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: