Nam Le: Båten

Globaliseringskunst: Båten er internasjonal novellekunst i alle tydingar av ordet.

Novella vert sagt å vere ein utprega litterær sjanger. No skulle ein tru at all litteratur var litterær, men sjølv der alle er like, er det som kjent alltid nokon som er likare enn andre. Novella skal ha miljø, karakterar og plot som ein roman, men må på grunn av det konsentrerte formatet forklare mindre og la meir vere opp til lesaren å tolke. Det er kanskje difor eg har blitt gladare i novella di meir røynd eg har blitt som lesar; om romanen er éin stor middagsporsjon, er novellesamlinga eit måltid av fleire avanserte smårettar.

Realistiske variasjonar
Nam Le er ein forfattar som byr på stor variasjon. I Båten, debuten hans frå 2008, er novellene lagt til så ulike miljø som Hiroshima under 2. verdskrig, colombiansk slum, ein vietnamesisk flyktningebåt og småbyliv i Australia. Så er også Le ein forfattar med samansett bakgrunn: Før han var eit år gamal, kom han med familien til Australia som båtflyktning frå Vietnam. Der vart han advokat, men reiste så til USA for å bli forfattar. Passande då at novelledebuten hans også er av internasjonalt format.

Le skriv innanfor den realistiske novelletradisjonen, og skildrar ofte menneske som er ved eit vendepunkt i si personlege utvikling  – heilt etter boka . I Teheran her kjem til dømes ei ung kvinne frå USA til Iran med den haldninga at det umogeleg kan stå så ille til i landet som den opposisjonelle venninna hennar vil ha det til. Men sjølvsagt skal det ikkje mykje personleg erfaring til før realitetane står skremmande klart for henne.

Sams for alle novellene er at dei gir glimt av dei dramatiske og nådelause vilkåra mange lever under, ikkje berre folk i krig eller på flukt, men også dei ytre sett vellukka. Eit døme på det siste er den aldrande, kreftsjuke biletkunstnaren i Møte med Elise som ikkje har sett dottera si på 17 år fordi mora tok henne med til Russland etter eit samlivsbrot.

Dei nye skiljelinene
Forfattaren imponerar med å gi truverdige skildringar av menneske i alle aldrar og livssituasjonar i høgst ulike miljø, samstundes som han får fram kor mykje som trass alt er sams. Kanskje går ikkje dei djupaste skiljelinene i verda mellom ulike kulturar lenger, men snarare melllom dei som har traumatiske erfaringar og dei priviligerte som knapt har fantasi til å førestelle seg kva slike erfaringar gjer med ein?

Aller sterkast er novellene som ligg tettast på livet til forfattaren. I Kjærlighet og ære og medynk og stolthet og barmhjertighet og oppofrelse skildrar han dei komplekse kjenslene mellom den vietnamesiske faren og forfattarspiren som vil skrive om farens krigstraumer. Både der og i Båten, som skildrar lidingane på ein flyktningebåt i fri drift på havet, gir han usentimentale portrett av traumatisert menneske som verkar absolutt autentiske og dertil vakre.

Nam Le har eit poetisk språk, men sidan eg også har hatt den engelske utgåva tilgjengeleg, må eg konstatere at Mona Langes norske omsetjing kling langt meir prosaisk. Dermed manglar litt av særpreget som har gjort Båten så bejubla i den engelsktalande verda. Omslaget er då også stappfullt av slike «blurbar» den amerikanske bokmarknaden er så berykta for, og som Dave Eggers treffande parodierte i romantittelen A Heartbreaking Work of Staggering Genius. Eg ville aldri ha tatt så hardt i. Men novellene til Nam Le er verkeleg eigna til å begeistre – sjølv oss som er vant til å få alt det beste verda har å by på.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

One response to “Nam Le: Båten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: