Lajla Lorentzen: Setningsskade

Portrettet debutant Lajla E. Lorentzen teiknar av ein kjenslevar einstøing gjer djupt inntrykk.

Setningsskade er vinnaren av romankonkurransen Margbok forlag lyste ut med tema «periferi», og forfattaren er den 48 år gamle litteraturvitaren Lajla E. Lorentzen. Det er ein imponerande debut. Stemma til den 69 år gamle ungkaren Bjørn er truverdig; han er spesiell nok til å vere verdt eit psykologisk studium, men gjer det også pedagogisk tydeleg korleis det kan arte seg å ha ei hypersensitiv hjerne.

Einspora mannfolk
Bjørn er ein slik mann som blir einsam fordi hans eiga indre verd er så dominerande, og minner i mykje om ein annan kjenslevar einstøing: Hovudpersonen i Pirolene i Benidorm, Øyvind Hånes’ nydeleg roman som vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2005. Med andre ord er Bjørn det vi gjerne kallar «ein karakter», og då meinar eg ikkje det faktum at han er hovudpersonen i ein roman. Som Bjørn sjølv seier: «At jeg er treig er ikke en sykdom, det er et spørsmål om trykk, at jeg bare ser rett fram og ikke til sida, og at jeg overser detaljene.» Han manglar altså ikkje sjølvinnsikt, men derimot sosiale antenner. Lidenskapen er snekring. Trivielle rutiner som reinhald blir nedprioritert, medan han gjerne brukar veker på å overvake at garasjebygginga til niesa går rett for seg. Gjennom det Bjørn fortel, får Lorentzen indirekte fram at han er blind for korleis nærværet hans påverkar andre, slik at kjærleg meint hjelp utviklar seg til sosialt overtramp.

Tittelen Setningsskade viser til at huset til Bjørn blir skeivt fordi leirgrunnen er i rørsle. Bjørn har bygd huset sjølv, og i hans verd er dette krise. Det er ikkje berre huset, men heile livet hans grunnen no sklir ut under. Også i hjernen er det fysikken som er grunnlaget for dei mentale rørslene, noko som viser seg i kor var Bjørn er for sanseinntrykk: «Det var så mange som snakka og lo, stemmene og lysa flakka rundt i huet og skapte et jævla kaos inni der, det var umulig å beskytte seg mot det.» Då han byrjar å oppleve kramper og svettetokter, viser det seg at sensitiviteten har gått over i ei tiltakande nevrologisk liding.

Solid portrett
Setningsbygnaden i boka er det, trass i boktittelen, vanskeleg å sjå skadar i. Teksten ber ikkje preg av svennearbeid, tvert om er dette ein litterær komposisjon som gir assosiasjonar til Carl Frode Tillers sensasjonelle debut Skråninga. Teksten har mange gjentakingar på setningsnivå, men som hos Tiller, viser desse korleis sinnet til forteljaren fungarar, kva minner som har konstituert kjenslelivet og korleis det monomane tankespinnet tek opp heile den mentale kapasiteten hans.

Setningsskade er ikkje fullt så effektivt og medrivande fortalt som Skråninga. Og det kan bli i overkant konstruert når ein høgspent ingeniør med strøm som spesialitet får ein sjeldan nervesjukdom (nervane er jo styrte av elektriske impulsar), eller når musklane til Bjørn låser seg i langvarige, smertefulle kramper slik også tankane hans har ein tendens til å låse seg til nokre få, altoppslukande interesser.

Samanfallet mellom dei mentale og dei kroppslege prosessane er likevel retorisk verknadsfullt, og portrettet av Bjørn står som ein påle. Lorentzen lar stemma hans vere seg sjølv lik heilt til kampen  med det aller siste krampetaket: «Det er selve jobben som er viktig, å bestige dette fjellet her.» Det er vakkert og sterkt, og skaper respekt både for henne som forfattar og for Bjørn, ein karakter eg kjem til å hugse lenge.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: