Stein Versto: Nidaros

Nidaros er ein roman som fortel om mystikartradisjonen, men utan å gi ei litterær oppleving av mystikken.

Ein forfattar som vil formidle store mengder med interessante fakta gjennom ein roman, har to val: Han kan la saksopplysningane kome fram gjennom dialogen og tankane til romankarakterane, eller han kan legge inn essayistiske parti. Når forfattaren veljer det første, vert utfordringa å oppretthalde ein truverdig fiksjon.

Romanen Nidaros ber preg av at forfattar Stein Versto har fordjupa seg i eit stoff han finn svært fascinerande. I kolofonteksten er det vist til litteratur om den jødiske mystikartradisjonen kabbala og til det apokryfe evangeliet etter Maria Magdalena, og samtalane i boka vert ofte utgreiingar om religiøs symbolikk, historia til jødefolket eller hugseteknikkar.

Dette gjer at romanen har fått same problem som mange historiske romanar; teksten har snarare blitt ein reiskap til å bearbeide store mengder informasjon enn ei litterær oppleving av den omtala mystikken.

Åndelege snarvegar
Romanen opnar med ei skildring av møtet mellom elementa når vindkast støyter mot Nidarosdomen: «Det syng svakt, og inst inne i atoma i kvar stein er det ei gjenkjenning av vinden: ein gamal affinitet». Formuleringa vert gjenteken to gongar seinare i romanen, og også gjennom andre parallellitetar og gjentakingar speglar formspråket ei tru på at røynda har åndelege dimensjonar den som er open kan få tilgang til.

Hovudpersonane er komponisten Ben, skodespelaren Birgitta og presten Peter. Romanen startar og sluttar med eit møte i Nidarosdomen, resten av teksten er rekapitulasjon av tidlegare hendingar, spesielt den åndelege og intellektuelle utviklinga dei to mennene har vore gjennom frå barndommen av. Birgitta representerer først og fremst Kvinna, som i likskap med den mytiske figuren Lillith har gjort opprør mot banda kjærleiken la på henne. Boka er full av påstander om mystiske opplevingar av «affinitet», altså åndeleg slektskap, mellom desse tre.

Eg ser fascinasjonen i den livsopplevinga Versto vil formidle, men den litterære framstellinga er ikkje overtydande, påstandane om den åndelege verda er verken sannsynleggjorte i romanuniverset eller gjort levande for lesaren. Alle faktaopplysningane har gjort dialogane stive og kunstige, språket er ofte flatt og narrasjonen verkar kaotisk. Langt mot slutten vert det til dømes referert til at Ben ein gong skal ha dytta Peter ut frå ein veranda på grunn av sjalusi. Det står utan samanheng med det vi veit frå før, og meir får vi heller aldri vite.

Posisjon og motstand
Versto har nok ønska å finne ei form som formidlar ei anna livsoppleving enn den snevert rasjonalistiske. Og somme delar av teksten viser at han både har stor sensibilitet og evne til å skildre verda i eit vakkert språk, spesielt dei som skildrar verda frå Ben sin synsvinkel.

Versto fekk i 1991 Tarjei Vesaas debutantpris for novelledebuten sin, og har sidan utgjeve to diktsamlingar. Inntil nyleg var han formann i Det litterære råd, som altså på grunnlag av litterær kvalitet bestemmer kven som blir tekne opp som medlemmar i Forfatterforeningen. Når denne romanen har så mange svake parti, er det nærliggande å lure på om Versto har møtt for lite motstand hjå forlaget. Om og korleis posisjonen hans i det litterære miljøet kan ha påverka samarbeidet, blir imidlertid reine spekulasjonar. Utan at det blir mystikk av den grunn.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: