Karl Seglem: Kvit frekvens stille spor

Karl Seglem skriv reinskårne dikt som inviterer meir til meditasjon enn kontemplasjon.

Kvit frekvens stille spor er ein strålande tittel som ber i seg bølgjer av  mange slag, både fargar og lyd. Som i debutsamlinga frå 2006 nærmar språket til den velrennomerte jazzmusikaren og komponisten seg grensa mellom stillheit og meining. Musikken dukkar opp i tematikken, men mindre enn venta i forma.

Diktsamlinga har to delar, og den første, Kvit frekvens, gir assosiasjonar til «kvit støy», altså støy kor alle lydfrekvensar har same styrke. I eit bråkete, stressande bymiljø møter vi eit diktar-eg i ubalanse, han «knuser vateret mot glaskarmen».

I motsetnad er andre del, Stille spor, prega av harmoni og ro på landet. Det finst ein kjærleiksrelasjon, men også frost både inni og utanpå. Kvitt lys har alle fargar i seg, men det er ope om «det kvite mellom oss» er potensial eller trugsel.

Stemningsforskjellen mellom dei to delane kunne ha vore tydlegare markert i språket. Sidan forlaget kallar dette klangpoesi, overraska det meg at Seglem ikkje i større grad skaper rytme og klang ved gjentaking, alliterasjon og rim. Som i haiku-dikt vert observasjonane formidla utan metaforar, og det er ofte vakkert på ein nærmast meditativ måte. Nye dimensjonar opnar seg ved gjentekne lesingar, men dikta gir ikkje mykje å tenke vidare på.

Utgjevinga er ein vakker heilskap: Ei reinskåra form med effektiv bruk av kontrastar pregar alt frå Andreas Töpfers nydelege design til motiv- og ordval. Slik gir det kvite og stille i formspråket klangbotn for orda som etter kvart tar opp i seg meininga fra det føregåande. Dermed blir dikta sterkare jo lenger ut i boka eg kjem. Eit av dei siste har tittelen Nynnande:

nynn fargearr
med attlaten munn

frosten i oss endrar

summen av fargar
kvit

og slik forblir me løyndom

 

Tidlegare publisert i Bergens Tidende.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: