Selma Lønning Aarø: Jeg kommer snart

Selma Lønning Aarø skriv elegant, intelligent og vittig – men langt frå så sexy som ein kunne vente.

Hovudpersonen i Selma Lønning Aarøs nye roman har aldri hatt orgasme. Ho er også så usympatisk at eg eigentleg ikkje unner henne å få det. At ho som jentunge kasta hunden sin i kloakken fordi ho var lei av å gå tur med han, er ille nok, men at ho som vaksen slår fleire liter med heimelaga kjøtsuppe i do – det opprører meg merkeleg nok like mykje. Eg må fortelje meg sjølv at dette er fiksjon. Og så må eg le – både av meg sjølv og av Julie, som rotar det sånn til for seg sjølv. Heile utgangspunktet; at ho har vore så oppteken av å vere den perfekte sengepartnaren at ho lata som alt frå første stund, gjer henne mest eigna til å åtvare tenåringsjenter mot å ha løgn som livsstrategi.

Humoristisk talent
Julie er ei småbarnsmor som jobbar heime, men sidan ho ikkje har fått barnehageplass til minsten enno, skaffar ho seg au pair. Det blir like mykje til irritasjon som til help, men så bestemmer ho seg for å nytte høvet til å oppnå det ho altså aldri før har klart: Å «komme». Kjøpet av ein vibrator med orgasmegaranti og namnet Mr. Rabbit får Julie til å assosiere til ein kanin som gnagde platesamlinga til faren hennar i bitar, og dermed framstår det jo ganske merkeleg «å slippe en gnager løs på den måten i sin mest intime sone». Boka er full av slike vittige assosiasjonar, og det viser seg då også at når Julie stenger seg inne på soverommet heile dagen for å la Mr. Rabbit prøve kunstane sine, så blir det fleire livsminner enn sexfantasiar.

Sjølve onaniskildringane er ikkje stort meir sexy enn om ho hadde skildra korleis ho lagar vafler, og ein sexolog ville vel heller ikkje juble for ei bok om kvinneleg seksualitet som ikkje ein gong hintar om oralsex. Og sjølvsagt blir forsøka stadig avbrotne av ei eller anna triviell hending – narratologisk var vel det uungåeleg, det er grenser for kor lenge ein person kan ligge med ein stavmiksar mellom beina før det blir keisamt.

Men så er heller ikkje dette ein guide til orgasme, det er ei treffande skildring av korleis jakta på kjærleiken kan vere såpass kaotisk at seksuell sjølvrealisering blir andreprioritet. Å klare å nyte sex blir heller ikkje lettare av det prestasjonspresset avisene skaper ved å stadig skriv om kor viktig sex er, og kor lett det er for andre; ein kan visst både puste og trene seg til orgasme.

Elegant hønetrøbbel
Aarø brukar humoren til å nærme seg eit tema som er mørkare og viktigare enn sex: Alt stresset vi byggjer opp i kampen for å bli nokon det er verd å elske. Og ho lukkast både med humoren og alvoret. Når ein også tar med at ho skriv uanstrengt og innimellom riktig elegant prosa, er det mykje som minner om bøkene til Vigdis Hjorth, slik ho skriv i til dømes Hjulskift. Men Aarø har eit godt stykke igjen før ho tangerer Hjorth i mot til å gå inn i dei mørkaste krokane, det som verkeleg riv i både sjela og tabua.

Men Jeg kommer snart er underhaldande på ein intelligent måte. Sidan hovudpersonen ikkje er ei ung kvinne på jakt etter kjærleiken, blir det feil å kalle boka «chick lit». Alderen, livssituasjonen og det pikante prosjektet skulle snarare kunne rettferdiggjere nemninga hønelitteratur. Og det er meint som eit kompliment.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

One response to “Selma Lønning Aarø: Jeg kommer snart

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: