Ida Hegazi Høyer: Ut

Ida Hegazi Høyer vil opne opp og bryte ut, men når ikkje heilt gjennom til lesaren.  

Ida Hegazi Høyer debuterte sterkt og godt med romanen Under jorden i fjor. I år følgjer ho opp med ein roman som held tråden både i språk og tematikk: Igjen handlar det om ei kvinne som har trang til å bryte seg ut av eit veltilpassa kvardagsliv, og inn i noko som både er mørkare og sannare.

Det startar svært lovande, med ei scene som vaklar mellom poetisk bilete og spøkelseshistorie. Kvinna står på kjøkkenet og lagar mat til mannen og sonen då ho merkar at noko ikkje lenger er som før: «Det kommer som en speilhvit tåke inn i hagen, inn i veggene, som et godstog, som en sommerfugl. Som et annet hus i huset.» Originale, gjerne tvetydige formuleringar som denne har alt blitt signaturen til Hegazi Høyer, og er det eg likar aller best ved stilen hennar. Ho er best når det uverkelege og det verkelege glir over i kvarandre, utan at det heilt lar seg forklare kva som skjer og kvifor.

Skurr på lina
Middelklasselivet vert teikna opp med brei pensel – ikkje utan sarkastisk humor. Men sjølv om dette er ein roman der det skal skurre, er det noko med skildringa av familielivet som kling falskt for meg. Mor, far og barn-familien minner altfor mykje om den typiske, lukkelege middelklassefamilien som er utgangspunktet for så mange Hollywood-filmar. Å leve det perfekte liv er visst så leikande lett – heilt til det byrjar å skorte på viljen.

Sjølv om realisme ikkje ­treng å vere litteraturens fremste mål, er det eit problem for gjennomslagskrafta til boka at detaljane ikkje er truverdige. Spesielt blir den sju år gamle sonen ein statist på same måte som ungar ofte er i filmar: Fyller funksjonen sin i plotet, men forsvinn deretter stille ut av biletet slik at dei vaksne kan konsentrere seg om sitt eige drama.

Hamsteren, eit sentralt symbol i forteljinga, er eigentleg eit nattdyr heilt ueigna for kos, men spring her i hamsterhjul heile dagen og søv i armkroken om natta. Og blir to gongar erstatta av nye dyr, presentert som det same gamle, utan at sonen protesterar. Sjølvsagt dukkar det etterkvart opp ein hamster som ligg og rotnar i eit hol i veggen. Dermed brukar forfattaren den same gnagar-symbolikken som i debutboka, men langt mindre verknadsfullt. Det retoriske poenget ser ut til å vere ein kritikk av ideen om at foreldre bør – eller kan – skjule livets vonde realitetar for borna sine.

Konvensjonelt opprør
Men romanen handlar heldigvis om meir. Hovudpersonen jobbar som pleiar ved ein heim for tilbakeståande eller svært pleietrengande pasientar. Skildringane herfrå treff sikrare og hardare, og reiser effektivt spørsmålet om kor dei gode intensjonane sluttar og maktbruken tar til.

Eg har sansen for prosjektet til Hegazi Høyer, at ho vil opne for den sanninga som er fortrengd fordi det verkar for risikabelt å konfrontere ho. Det er også modig å problematisere korleis vi ser på menneske på eit særs lågt funksjonsnivå, og samstundes bringe inn tema som seksuelle tenester og dødshjelp.

Likevel klaffar det ikkje heilt. Det er noko konvensjonelt i korleis romanen spelar det veltilpassa fasadelivet opp mot det dyrisk basale, og i korleis opprøret endar i ein «sunnare» harmoni. Språket er også mindre fortetta og radikalt enn i debutromanen. Ut har difor blitt ein av mange romanar som trass tydelege kvalitetar, ikkje skaper sterke kjensler verken den eine eller den andre vegen.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: