Merethe Lindstrøm: Arkitekt

Merethe Lindstrøm skriv høgsensitive noveller: Ho har eit skarpt blikk for fare og maktspel – men òg sjølvironisk humor.

Om ein først har høyrt omgrepet «høgsensitiv» er det umogeleg å ikkje tenke på det når ein les dei to første novellene i Merethe Lindstrøms novellesamling Arkitekt. Begge har kvinnelege eg-forteljarar av det særs vare og grublande slaget, og fokuset på detaljar skaper ei nervøs, nesten uhyggeleg stemning. Opningsnovella «Sult» lar lesaren kjenne kor sårbar ein barnefamilie blir når bilen sviktar og dei blir avhengig av hjelp frå framande. Samstundes fins det eit humoristisk utanfråblikk i tittelen, som signaliserer at dei paranoide tankane til forteljaren langt på veg må tilskrivast lågt blodsukker.

Også novella «Bill Viola i ørkenen» har sjarmerande sjølvironisk humor på vegne av den høgsensitive forteljaren, som blir ein smule sjalu når mannen viser begeistring for den bohemaktige nabodama: «Jeg var avslappet, sier jeg. Før./Det kan jeg ikke huske, sier han. Mener du da ungene var små?» Men alvoret melder seg snart: Naboparet har ein tilbakeståande son, ein det er altfor lett å nytte tvilsame oppdragingsmetodar på utan at nokon ser det som sitt ansvar å gripe inn.

Blikk for makt
Blikket for maktspelet i sosiale relasjonar har prega bøkene til Lindstrøm heilt sidan debuten i 1983, og spørsmålet om fare ligg alltid og lurer i  møtet med det ukjende. Ho er spesielt oppteken av dei sosialt utsette, som aleinemora og dottera i novella «Bestevenn», ei nedtona skildring av den audmjukande sosiale posisjonen fattigdom skaper.

Det fine med desse novellene er at dei ikkje berre omtalar, men først og fremst ser den som blir skildra. I tittelnovella «Pleie» vert ein ung kvinneleg hjelpepleiar skildra og tiltala i ei og same rørsle, som eit «du». Arkitekt er namnet på ein leik: «Alle skulle lage seg sin egen plan, holde den hemmelig og gjette på hverandre. De andre visste hva de ville, hvor de ville, satt bare og ventet på at noen skulle komme med det riktige svaret. Du ville ingenting. Du kom aldri på noe.» Den allvitande forteljaren ser det ingen andre ser: Av og til er den som hjelper meir sårbar enn den som får hjelp.

For dei som har ein plan, og ein vilje til å få gjennomført denne, får makt over andre, sjølv om det å ha vilje ikkje treng bety at ein også har best vurderingsevne. I novella «Uthuset» er det den kriminelle faren som formar skjeba til familien, men han legg all sin energi i å få opna eit gjenspikra uthus. Som viser seg å vere tomt.

Arkitekt kan også vere eit bilete på forfattaren sjølv, men som Lindstrøm skriv i novella «Interiør»: «drømmene har sin egen arkitektur». Den litterære konstruksjonen i novellene hennar er langt frå tilfeldig, likevel har dei noko av det draumliknande opne ved seg. Interteksualitet og biletbruk gir dimensjonar ein kan fordjupe seg i, tolkningsrom som vil vere ulike alt etter kven som kjem inn i dei.

Språk med temperament
Lange kjeder av setningar, hekta saman med komma, kan nokre gongar gi teksten eit oppramsande, hektisk preg. Andre gongar kjem punktuma hyppig, og den varierande rytmen får fram ulike sinnstemningar. Dette språkleg uttrykte temperamentet og den tidlegare nemde humoren nyanserer inntrykket av Lindstrøm som ein «lågmælt» forfattar. Men stadig er fokuset på dei små signala som går mellom menneska, framleis er det mykje stille i tekstane. Kjell Askildsen er difor ein nær litterær slektning, og etter mi meining er Lindstrøm på høgd med han no, både i psykologisk innsikt og narrativt raffinement. Det er noko med korleis observasjonane til forteljarane seier så mykje om dei sjølve.

Om ein samanliknar med Nobelprisvinnar Alice Munro, så har ikkje Lindstrøm heilt den same umiddelbare appellen, ho malar ikkje opp like fengslande, visuelt sterke scener. Til gjengjeld har ho eit sterkare sosialt engasjement. Det er difor som det skal vere at Lindstrøm, etter den internasjonale suksessen med Dager i stillhetens historie, endeleg spelar i same liga som Munro.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: