Øystein Orten: Rasmus Rebellen

Noreg som koloni: Rasmus Rebellen er ein interessant historisk roman om ein epoke i Norsk historie vi kan ha godt av å bli minte på.

Haustvinden er full av tettskrivne, lett gulna blad; den historiske romanen feiar visst med seg både lesarane og merksemda denne bokhausten. Både Roy Jacobsens De utvalgte og Jon Michelets andre krigsseilarroman Skytteren er bestseljararar som lar lesaren leve seg inn i ei anna tid, men det er Dag Solstads Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896 som har fått fart på debatten. Solstad vil ikkje dikte om kva menneska i hans eiga slekt kan ha tenkt og følt, og serverer i staden ein tekst som mest liknar ættetavlene i Det gamle testamentet.

Ein annan historisk roman har fått langt mindre merksemd: Øystein Orten skriv i Rasmus Rebellen om den sunnmørske bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust. Han døydde i fangenskap på Akershus festning på 1660-talet etter å ha ytt motstand mot skånsellaus og korrupt inndriving av skattar som skulle finansiere danskekongen si krigføring mot svenskane.

Mannen mot makta
Orten har tidlegare skrive både lyrikk, romanar og historiske verk, mellom anna Himmelen over Shetland (2009) om norsk motstand under 2. verdskrig. I Rasmus Rebellen har han funne ein fin balanse mellom historiske fakta og diktarisk innleving, teksten er verken på «metafor-speed», slik språket til Jacobsen vart skildra av meldaren i Morgenbladet, eller så faktaspekka som bøkene til Michelet og Solstad.

Historia er lagt i munnen på fosterson av Rasmus, Aslak frå Bust, når han som gamal mann fortel om det han var med på og det han har høyrt. Slik blir hovudpersonen portrettert samstundes om han får stå som den gåta han er. Det fungarar fordi sjølv enkle, ytre observasjonar kan seie så mykje om ein mann: «Han ler nesten då han blir dømd for ‘grofeueligen aa ha forseet kong: Paabud oc i mod kong: Forordning haffuer holdt Sammøde af Almuen».

Eg ser det så levande for meg, den bitre humoren i møte med det latterleg urimelege; eit glimt som viser at ånda ikkje er knekt sjølv om slaget er tapt. Denne rebellen tok aldri til våpen, tvert om hadde han sterk tru på at kongen i Danmark ville gi han medhald om han berre fekk vite kor urimeleg hardt folket på Sunnmøre vart skattelagte midt i verste hungersnauda, og reiste fleire gongar til København for å leggje fram saka. Han mana også romsdalingane til motstand då Sverige ein kort periode på 1650-talet la under seg Trøndelag, Nordmøre og Romsdal. Den lojaliteten vart ikkje løna.

Overtydande detaljar
Men Rasmus Rebellen tok meg ikkje med storm frå første side, for den innleiande monologen til forteljaren er i overkant høgstemd og dessuten full av klumpete garpegenitiv som «Havet sine mjuke straumar». Det er først i møtet med Olda, den utgamle tanta på ættegarden kor Rasmus vart fødd, at det tek til å svinge. Setningane er korthogne og direkte, men fulle av  detaljar som malar opp ei anna røynd og overtydar meg om at forfattaren har basert seg på solide, historiske kjelder.

For meg er Rasmus Rebellen av vel så stor interesse som dei andre nemde historiske romanen i haust. Orten gir eit engasjerande bilete av det koloniserte Noreg, styrt av embetsmenn som kun såg land og folk som ein ressurs det gjaldt å få størst mogeleg utbytte av. Det har altså ikkje berre skjedd i Afrika, Asia og Amerika, det har skjedd her. Kvar sau i utmarka skulle tellast og betalast for, utan omsyn til om det tok maten or munnen på borna.

Det blir òg tydeleg kva sjølv sakleg motstand mot makta kan koste. Det er eit memento i ei tid der overvaking igjen har blitt eit tema, men kor den ålmenne frustrasjonen er retta mot at «det offentlege» ikkje yter oss tenester raskt og godt nok.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: