Nicolai Houm: De håpefulle

Livet er ikkje alltid lett på øvste hylle. Nicolai Houm skriv med satirisk snert om redsla for å falle gjennom.

Halvbroren av Lars Saabye Christensen kom ut i 2001, høyrde eg nokon kalle boka ein «ekornroman»; påstanden var at forfattaren utan å nekte seg noko hadde brukt alt han hadde av oppsamla erfaringar, tankar og formuleringar. Nicolay Houms roman De håpefulle på 670 sider framstår som ei slik litterær utblåsning, ein kombinasjon av oppvekstroman og kunstnarroman med sosiokulturell identitet som brennpunkt.

Houm debuterte med romanen Knekk nakken, min venn i 2004. Sidan eg las novellesamlinga Alle barn er laget av ild (2009), har eg hatt høge tankar om det litterære talentet hans, for tekstane hadde både vide perspektiv og temperament. Men trass hovudsakleg gode kritikkar, slo ikkje Houm gjennom hos lesarane. Det håpar han nok å endre med den nye mursteinsromanen, som legg seg på hjul etter Henrik Langeland, Jan Kjærstad, Karl Ove Knausgård og Lars Saabye Christensen.

Ideal og røynd
Etter å ha introdusert eit par pirrande «cliff hangers», tar Houm lesaren attende i tid til historia om familien Lindberg på beste/verste vestkant. Mor driv veldedig arbeid med pengar far har tent på tvilsamt vis, Thea dansar til blodet dryp frå ballettskoa, Joachim surfar med forfattardraumar medan Christoffer møter Jesus og blir feltprest i Afghanistan. Idyllen sprekk for godt idet far druknar i ei seglbåtulukke.Men når livet er tøft, kan ein alltids la seg trøste av at ein er betre enn naboane, som ikkje veit forskjellen på rikdom og ekte daning.

Skildringa av livet på øvste hylle er krass og utleverande, men òg medfølande. Spesielt overtydande er portrettet av familiefaren som heller vil leve med dårleg samvit enn dårleg økonomi. Det blir meir enn politisk korrekt kapitalismekritikk, det blir utforsking av psykologien til ein danna rovkapitalist.

Søskena Lindberg strevar på kvar sine måtar for å leve opp til høge ideal. Spesielt blir kampen for å lukkast som forfattar skildra med stort trøkk, noko som unekteleg gir kritikargjerninga eit påtrengjande metaperspektiv. Houm brukar vel som alle andre delar av si eiga erfaring som springbrett, men gjer det unødig personleg ved å introdusere ein viss Bernhard M. Lien, kritikar i Morgenbladet, når det var unge Bernhard Ellefsen som i si tid vende tommelen ned for Houms eiga novellesamling.

Bølgjedalar
Teksten er for langdryg til å halde oppe det dramatiske drivet frå opninga, og skulle ha vore strammare redigert. Til gjengjeld får lesaren innsikt i den særeigne smerta: Å ha eit overlegent utgangspunkt og likevel ikkje lukkast, ja, jamvel bli overgått av slike du ser på som mindreverdige. I Noreg er ikkje det ein posisjon det er enkelt å skape sympati for – sjølv om ein kunne argumentere for at det i verdssamanheng gjeld dei fleste av oss – men Houm klarer det langt på veg fordi han skriv med ei blanding av idealisme, satirisk snert og sjølvironi som er både avvvæpnande og underhaldande.

Eit døme er Joachims møte med den afrikanske studenten Goodwill, som er «kronisk skuffet over Joachims mangel på gudsfrykt og arbeidsmoral», men har stor respekt for målet om å bli «Æn åtha». Han får æra av å sparke den kjempande kunstnarspiren ut av skrivesperra med replikken: «Just write, you fool.» Trass i slike glimrande råd går det ad undas med Lindberg-familien. Men Houm har truleg skrive seg ut av bølgjedalen.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

2 responses to “Nicolai Houm: De håpefulle

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: