Agate Øksendal Kaupang: Å holde pusten

Debutant Agnete Øksendal Kaupang har ei viktig historie å fortelje, og fortel ho godt.

Nyleg fann eg ei skriveblokk kor dottera mi på sju år hadde skrive: «jeg vet at live er HART / Men. MEN / DE ER SÅN DE ER». Eg veit ikkje kva ho tenkte på, og ikkje vil ho seie det heller. Men heldigvis veit ho enno ikkje kor hardt livet faktisk kan bli, også for norske born på hennar eigen alder. Agate Øksendal Kaupang skriv innsiktsfullt om jenter som veit meir enn dei skulle trenge å vite.

Å halde ut barndommen
«Det er rart å tenke på at mamma har gått med engler, slikket i seg skyene som softis, at hun har vært verdensherskerinne og at hun har kunnet fly. Men at hun ikke klarer å lage egg og tomatsuppe, eller bli med Emilie på foreldremøte.»

Eg-forteljaren er tenåring og i praksis omsorgsperson for den  yngre søstra Emilie. Mora vekslar mellom maniske og depressive periodar og klarer ikkje å gi døtrene den omsorga dei treng. Faren flytta ut då det nye barnet viste seg å ha brun hud og svart, krusa hår.

Gjennom ei rekkje korte episodar veks historia om halvsøstrene fram, og som tittele Å holde pusten signaliserer, handlar barndommen for det meste om å halde ut. Hovudpersonen gjer så godt ho kan for å ta vare på søstra, men kven skal ho sjølv få omsorg frå? Borna har både ressursar og kampvilje, men retninga historia tar, kan tyde på at det ikkje er nok til å kompensere for det vanskelege utgangspunktet, overmakta blir til slutt for stor.

Bråmoge talent
Eg veit ikkje om forfattaren skriv med utgangspunkt i eigne erfaringar, men portretta av dei to jentene er truverdige; ho overdriv ikkje elendigheita for maksimal effekt, men skildrar nøkternt korleis mangelen på gode, vaksne rollemodellar og lengten etter kjærleik kan slå ut i livet til tøffe, men sårbare jenter. Dei sterkaste og mest talande scenene er dei som viser kor mykje det betyr når mora ein sjeldan gong er til stades i livet deira og verkar glad og normal. Som når Emilie kjem styrtande for å hente storesystra: «Hun danser!»

I korte glimt får vi også portrettert mora som har mista grepet om livet sitt, og som dermed sviktar borna sine. Å leve med det må i seg sjølv vere ei psykisk belastning som kan ta siste rest av livsmotet frå ein, men det kjem ikkje fram om mora er i stand til å ta inn over seg korleis døtrene har det. Ein slik dimensjon ville ha løfta prosjektet nokre hakk, men kanskje er det mykje forlangt av ein så ung debutant.

For Agate Øksendal Kaupang er berre 20 år, men har alt forfattarstudier i Bø og ved Biskop Arnö i Sverige bak seg. Ho er rett og slett eit bråmoge litterært talent, og minner både i stil og tematikk om veletablerte og bejubla Ingvild Rishøy. Debutromanen er med andre ord svært god, ikkje berre fordi forteljarteknikken er upåklageleg, men fordi Øksendal Kaupang har ei viktig historie å fortelje.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

2 responses to “Agate Øksendal Kaupang: Å holde pusten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: