Hanne Ørstavik: Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux

Hanne Ørstavik viser igjen at ho er biletkunstnaren i norsk litteratur.

I dei romanane som vart Hanne Ørstaviks litterære gjennombrot, var dramatikk på det indre planet manifestert i skjelsetjande hendingar; i Kjærlighet (1997) blir ein gut stengt ute i vinternatta fordi mora er for sjølvoppteken til å følgje ordentleg med. I Like sant som jeg er virkelig (1999) blir ei ung kvinne hindra av ei låst dør då ho endeleg skal bryte ut av den kvelande relasjonen til mora. Sidan har fokuset i forfattarskapen i stadig større grad gått mot utforsking av indre landskap; og spesielt kallet – romanen (2006) og lesestykket I morgen skal det være åpent for alle (2007) er vigde til refleksjon rundt den kunstnarlege verksemda. Fleire kritikarar, også eg, har skulda Ørstavik for å ha vorte for innovervend, slik at både karakterar, hendingar og landskap i romanen framstår som projeksjonar av hovudpersonen, som igjen kan vere vanskeleg å skilje frå forfattaren sjølv.

Blotta og sårbar
Det same kan seiast om denne nye romanen, Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux. Hovudpersonen Ruth er biletkunstnar, ho er skilt og har ei dotter på 17 år. Ho kjem til Bordeaux for å setje opp ei kunstutstilling, møter kuratoren Abel og går på strippeklubb. Medan ho ventar på at kjærasten Johannes skal kome, funderar Ruth på kvifor ho lengtar slik etter han, ein mann som verken ser ut til å begjære henne seksuelt eller vere i stand til emosjonell intimitet. Kvifor vil han at dei skal vere kjærastar, når festar og tilfeldige erotiske møte ser ut til å lokke han mykje meir? Vi får også skildra scener i liva til Abel, dottera hennar Lily og kjærasten Ralf, men desse verkar mest som dei er meint å kontrastere og komplettere Ruths eiga historie.

Det mest påfallande i komposisjonen er alle laga av korrespondanse. Teksten er full av draumar, bilete og referansar til bøker av Astrid Lindgren og den franske teikneserieskaparen Tardi, og det finst ikkje absolutte grenser, heller ikkje  mellom personar og kjønn. Fantasi, tankar og røynd glir over i kvarandre og alt får preg av noko uverkeleg, som igjen er knytt til å bli utsletta som individ.

Det sentrale symbolet for Ruths situasjon finn vi alt i tittelen: Grande Place de Bordeaux var tidlegare ein rettarstad. For å kome Johannes i møte, har Ruth blottstilt lengten og einsemda si. Men kor langt skal ho gå i håp om at han skal møte behova hennar? Ho ser for seg at ho vil kunne bryte eigne seksuelle grenser for han, som å ta med ei kvinne til i senga, men at det vil splitte henne i to personar og utslette den eine: «Hun er ingen mer.»

Abstraksjonar
Dette minte meg om Vigids Hjorths roman Om bare (2001), som er ei sterk skildring av slik lidenskap som gjer alt anna uviktig, men som blir destruktiv. Den kvinnelege hovudpersonen blir med elskaren sin inn i det grenselause, trekant og swingersklubb, men sjølv om ho tenner på det, bryt det henne ned, og ho innser til slutt at ho ikkje kan leve med ein mann som aldri vil ha nok med berre henne.

Samanlikninga viser tydeleg både styrken og svakheita med Ørstaviks roman: Ørstavik har ei unik evne til å gjere presise observasjonar og formidle dei gjennom treffande litterære bilete. Det er ikkje tilfeldig at hovudpersonen er biletkunstnar, for romanen er komponert ved hjelp av gjensidig utfyllande bilete som skaper mange lag av meining og eit anna abstraksjonsnivå enn eg finn i Hjorths roman.

Hjorth er til gjengjeld langt tøffare i kva ho vågar å skildre, og viser i handlinga kor langt kvinna er villeg til å gå for å tilfredsstille mannen ho elskar. Ørstavik har ei meir indirekte tilnærming. Sjølv om ho skildrar seksuelle møte, framstår dette difor ikkje som ein erotisk roman, det er snarare ei litterær utforsking av psykologien bak lengt og begjær.

Gjennom ein imponerande litterær kollasj har Ørstavik igjen vist at ho kan skape store rom for refleksjon. Romanen kunne likevel ha verka langt sterkare på lesaren om forfattaren i større grad hadde latt handlinga tale.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: