Tomas Espedal: Bergeners

Tomas Espedal syng om det han har tapt og om dei han er glad i – til dei han er glad i. Vi andre får lov til å kikke.

I romanen Brahmadellane, som er nominert til Nordisk Råds litteraturpris, skriv den færøyiske forfattaren Jóanes Nielsen at «færøysk dikting var i ferd med å kvelas av berre penheit». I Bergeners skriv Tomas Espedal nostalgisk og sjølvsentrert om sorg og tap, og om korleis trongen til å vere fri kan gjere einsam. Same skjebne kan ramme boka. For visst er det pent, men i staden for å invitere inn i ein litterær fellesskap, reduserer Espedal den vanlege lesaren til kikkar.

Dagbokvariasjonar
Eg hadde gleda meg til denne boka fordi ho var varsla å vere ei novellesamling utan ei einaste novelle, altså sjangermessig nyskapande. Det vi har fått liknar Espedalen vi kjenner frå før; litterære dagbøker og reiseskildringar. Dei tekstane han kallar noveller, har i mine auger for lite av eigne historier i seg. Til dømes verkar skildringa av drapsmannen på Utøya 22. juli meir som rekonstruksjon og traumebearbeiding, vi får etterpå skildra korleis forfattaren hadde det i skriveperioden. Heller ikkje dikta i teksten står godt på eigne bein, men som variasjonar i den mangefasetterte tekstflyten byggjer dei opp under den nostalgisk vakre stemninga.

Espedal har lukkast mange gongar før med å bruke seg sjølv som utgangspunkt for god litteratur, og mot slutten av denne boka, i stykke med titlar som Om ensomhet, Om å reise, Om å sove, glimtar han til igjen. Det er fordi han er ærleg om korleis det er å bli eldre, noko vi alle skal gjennom, og fordi han skildrar vanlege folk, andre enn seg sjølv: Kriminelle han møter når han held skivekurs i fengsel. Korleis det kjennest for kvinna som gått frå kjærasten for å vere fri og sjølvstendig. Men store delar av boka er jålete, irriterande og ekskluderande.

Sjølvmytologisering
Assosiasjonen tittelen Bergeners gir til James Joyces Dubliners, kunne få ein til å vente seg skildringar av vanlege folk i Bergen. Bergeners viser seg imidlertid å vere Espedals vener i det litterære miljøet, og boka er full av episodiske skildringar av møte mellom desse og forfattaren, både i Bergen og ute på tur. Men kven bryr seg eigentleg om kven Espedal røyker, drikk og diskuterer Heidegger med før han sjanglar heim og skriv om fylleangsten sin? Stadig fleire bøker gjer forfattarlivet til tema og forfattarar til hovudpersonar, og no har eg ikkje tålmod igjen til slike forsøk på mytologisering av ein sjølvtilfreds litterær andedam.

Espedal gir også sin versjon av ein skandaleomsust episode frå Karl Ove Knausgårds Min kamp 5, eit nachspiel som enda med at Knaugård vart skulda for valdtekt. Med andre ord ein litterært avansert versjon av Se og hør, kor lesaren blir redusert til kikkar. Det er ikkje dette vi treng litteratur for.

Sjølvsagt er det morosamt når Espedal avskriv det litterære potensialet i Bergens borgarskap med ein inkjeseiande tekst på ti linjer. Men om det berre er han sjølv og andre litterære bohemar som er interessante nok til å skrive om, byrjar blodet å bli farleg blått.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: