Toni Morrison: Hjem

Romanen Hjem er ein lettvektar i Toni Morrisons elles vektige forfattarskap.

Kva er ein heim om det ikkje er ein stad ein kan kjenne seg trygg? Toni Morrisons litterære prosjekt har sidan debuten i 1970 vore å skildre historia til svarte amerikanarar i USA, og å lese henne kan vere direkte oppskakande. Med romanen Hjem gir ho eit nytt innblikk i korleis det har vore for generasjonar av svarte å bu i eit samfunn der ingen stad var deira, og ingen stad trygg. Der dei var fritt vilt. Men trass dei mørke historiske realitetane, er ikkje Hjem ei sterk litteær oppleving.

Heimover
Romanen startar med skildring av eit barneminne som raskt rører seg frå idyll til glimt frå ei særs brutal verd. Minnet viser seg å tilhøyre ein traumatisert, svart soldat som er attende frå Korea-krigen.  Då han får brev om at søstera hans er døden nær, må han til heimtraktene for å redde henne frå ein kvit lege med meir eksperimenteringsvilje enn moral.

Utgangspunktet er altså til stades for ei engasjerande historie. Men eg kjem aldri heilt på innsida av karakterane, og når slutten brått er der, kjennest det som romanen aldri kom forbi dei innleiande rundene. Kanskje fordi mykje av historia blir fortalt i tilbakeblikk? Måten teksten er komponert rundt tittelen på, viser likevel at vi har med ein røynd forfattar å gjere, ein forfattar som er medviten at kvar historie kan ha mange inngongar.

Relativ bagatell
Sjølv om replikkar som «Det gjør meg vondt, Cee. Virkelig vondt» får meg til å mistenke at den norske omsetjinga har fått ein meir konservativ tone enn dei afroamerikanske talemåtane på originalspråket, er språket lett og godt å lese. Men formuleringane som verkeleg begeistrar manglar, og ein kan lure på om forfattaren rett og slett har gjort det for lett for seg sjølv denne gongen.

Morrison fekk Nobelprisen i litteratur i 1993, og romanen Elskede (på norsk i 1988) har blitt ståande som hennar viktigaste verk. Samanlikna med det, er den nye romanen på 126 sider ein bagatell.

Romanen er omsett av Bodil Engen

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: