Nils-Øyvind Haagensen: Liten

Av born og mjuke menn …  Nils-Øyvind Haagensen skriv ledig og vakkert om kvifor vi treng kvarandre.

Er det andre menneske oss som gir oss sjel? Tanta har fortalt femåringen Nils Øyvind at vi ikkje kan ha det bra utan sjel, og heller ikkje om vi er heilt aleine. Dermed fekk han tanken «at sjela var alle de andre menneskene i verden, alle andre enn deg selv».

Det Nils-Øyvind Haagensens nye roman fint får fram, er at Liten både er eit relativt og eit relasjonelt omgrep: Ein er liten fordi nokon er større, men i ein annan samanheng kan den lille plutseleg vere den som må vere stor og beskyttande. Slik blir vi forma av fellesskapen vi er del av. Liten er kanskje mest av alt ei kjærleikserklæring til familien.

Barnestemma
I fjor vart Haagensen nominert til Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga God morgen og god natt. Romanen av året tek utgangspunkt i minnet om søstra Cecilie som døydde berre 13 månader gamal, då han sjølv var fem år. Men sjølv om forteljaren heiter Nils Øyvind (utan bindestrek) og vaks opp i Ålesund som forfattaren, er ikkje dette ein sjølvbiografisk roman, seier Haagensen i avisintervju.

Som ofte tidlegare brukar Haagensen eit naivtklingande språk, som fortalt av eller til eit born. Her heng det saman med situasjonen forteljaren fortel frå: «nå som jeg er blitt stor, eller altså: voksen, så har jeg skjønt at også voksne snakker om ting som om de har greie på dem når de helt åpenbart ikke har det.» Han er 33 år og i livskrise, han burde ta tak i livet sitt, men sit handlingslamma i sofaen og googlar namet til den døde søstra si.

Det finst ein del kriseramma menn i norsk litteratur, og Nils Øyvind kan til dømes minne om hovudpersonane til Erlend Loe og Johan Harstad. Den «naive» tonen er også nytta med hell av sterke poetar som Ernst Orvil og Gro Dahle. Haagensens roman er imidlertid prega av ei «urein» form som verken er poesi, sjølvbiografi eller psykologisk realisme. Her fins det dikt, filmmanus, fakta fra Wikipedia, blogginnlegg, kaskadar av populærkulturelle referansar og samtalar der skilla mellom personane nesten blir borte. Men den tematiske tråden tråklar det fint saman, og den leikande estetikken kler den barnlege forteljarstemma godt.

Mjuke verdiar
Etter at søstra døyr, blir Nils Øyvind sengevætar, og storebroren David blir vernet mot verda. Og det treng han, for både som barn og vaksen er forteljaren ein slik som bøllane skjønar det er lett å ta. Men dette er ikkje ei skildring av sjølvmedlidande utanforskap, for det skjer ei utvikling i løpet av romanen. Spesielt i møte med niesa Dagny vert sensibiliteten til Nils Øyvind ein ressurs som gjer han i stand til å møte henne på hennar premissar, og gjennom kreativiteten sin viser han henne verdien av hennar eigne tankar og fantasiar.

Han fortel vakkert om Villhimmelen, den litt farlege, men spennande utkanten av himmelen der alle dei sinte og såra må vere ei stund aleine før dei vil vere glade med dei andre i meir harmoniske himmelstrok. Dette minner meg om korleis C.S. Lewis skildra himmelen: Ikkje åndeleg «luftig», men tvert om så verkeleg at denne verda blir som flyktige skuggar i samanlikning. Det er ein styrke i boka at Haagensen ikkje er redd for det enkle og kjensleladde, samstundes som humoren er underfundig og sjølvironisk. Eg trur at han, som C.S. Lewis, kan skrive nydeleg for born om han vil.

Liten har ein klassisk humanisme i seg: Det menneskleg sårbare, ureine og tvilande er løfta fram i eit mjukt, tøyeleg språk som passar til å utforske verda gjennom både kjensler, refleksjon og fantasi.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: