Bekim Sejranovic: En bedre slutt

Eit stereotypt utanfråblikk på Noreg i ei historie mest prega av apati.

Omsett av Jon Kværne

Den bosniske forfattaren Bekim Sejranovic kom til Noreg som flyktning i 1993, og har omsett norsk litteratur til bosnisk, kroatisk og serbisk, i tillegg til at han har utgjeve noveller og romanar på morsmålet. Romanen En bedre slutt er bygd over ein velkjend lest:

Ein ulukkeleg ung mann har isolert seg i eit gamalt hus på landet (her i Bosnia) for å bearbeide dei dramatiske hendingane han har vore gjennom. Det viser seg å vere ei kjærleikshistorie med ei norsk kvinne. Men dramatikken uteblir. Det er som om forteljinga lid av den same apatien som hovudpersonen.

For lett
Noreg framstår som eit samfunn kor alt er enkelt: Damene er pene og lette på tråden, det er lett å få jobb, til og med doktorgradsstipendiat. Du kan alltids bu hos ein kompis og dop er overalt. Til dømes lar ein naiv – og sjølvsagt sexy – kvinneleg psykolog seg lett lure til å skrive ut Ritalin til hovudpersonen når han har lese seg opp på ADHD-symptoma. For ein norsk lesar verkar skildringane som eit stereotypt utanfråblikk. Og sidan det norske samfunnet neppe er like enkelt å takle for dei fleste andre innvandrarar, blir hovudpersonen ein idealisert, tragisk skapnad; han er attraktiv og evnerik, berre for deprimert til å sjå meining i noko.

Komposisjonen vert også svekt av lause trådar i handlinga, mellom anna blir det hinta om ei lang historie av psykiske problem utan at vi får sjå korleis og kvifor dette starta. Sjølv om det ikkje skal mykje fantasi til å tenke seg at krigen i det tidlegare Jugoslavia ligg under alt, gjer mangelen på informasjon at hovudpersonen vert utydeleg og fjern.

Omsetjinga verkar god, men språket til Sejranovic utmerkar seg ikkje på nokon måte. Forfattaren ser ut til å vere sosialisert inn i den norske litterære skrivemåten; han leverer konkrete skildringar av den typen vi har lese mange av det siste tiåret. Resultatet er litterært lettvint, utan å kompensere med underhaldningsverdi.

Innkjøpet
Ei bok skrive av ein person med eit bein i Noreg og eit bein i ein framand kultur er potensielt spennande fordi ho kan i gi nye perspektiv på Noreg og ny kunnskap om andre kulturar. Det mest interessante i denne romanen er då også skildringane av ulike folkegrupper på landsbygda i Bosnia, til dømes korleis konservative muslimar – wahabiar med langt sjegg – gradvis får makt i samfunnet.

Men alt i alt vart En bedre slutt ei skuffande oppleving, historia var likegyldig og komposisjonen for dårleg. Eg undrar meg difor over at akkurat denne boka er innkjøpt av Norsk kulturråd, når ein veit kor trangt det nålauget er for omsett litteratur.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: