Mieko Kawakami: Pupper og egg

Mieko Kawakami skildrar korleis det er å bli kvinne når det er uvisst om personen du er bak kjønnsattributtane er ønskt – i eit Japan i økonomiske nedgangstider.

Mieko Kawakami er både popstjerne og litterært stjerneskot i Japan. Den nyomsette boka inneheld teksten Pupper og egg (93 sider) og novella Deres kjærlighet er døende. Det er litterære godbitar med lang ettersmak – som òg gir meirsmak.

Magne Tørring har gitt Kawakamis tekst ein urbant flytande, rytmisk ordlyd; eit språk med særpreg. I tillegg har han skrive eit informativt etterord der han fortel om samfunnet tekstane er skrivne inn i, og set Pupper og egg inn i litteraturhistorisk samanheng. Det er vanskeleg å sjå bort frå perspektivet han presenterer når ein først har sett det: At Kawakami indirekte skildrar økonomisk nedgang og aukande forskjellar i Japan.

Utan etterordet kunne ein fort ha lese boka kun som ei skildring av ein vanskeleg mor-dotterrelasjon, og av dei vanskelege kjenslene ved å få – og seinare misse – ein kjønnsmogen kvinnekropp. Og forfattaren klarer verkeleg å få fram minna om det intense ubehaget det var å plutseleg ha ein kvinnekropp som dissa, stivna, lekte og lukta utan at ein kunne kontrollere det, og som forandra kjensla av kven ein var.

Men bak ligg det andre dimensjonar; kvifor er kroppen så påtrengjande viktig og vanskeleg? Kva vert ikkje sagt?

I den kortare novella er samfunnsperspektivet endå tydelegare. Eg håpar eg får sjansen til å følgje utviklinga i Japan gjennom fleire tekstar av Kawakami.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

One response to “Mieko Kawakami: Pupper og egg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: