Italo Calvino: Våre forfedre

Våre forfedre er ein europeisk klassikar til glede for alle som set pris på å sjå verda frå uventa vinklar.

Det er nokre tiår sidan Harald Heide Steen jr. i skapnad av ein fnisete, russisk ubåtkaptein kunne fortelje det norske folk at «det finnes ikke grenser oner vann!» Med det samme humoristiske overskotet viser Italo Calvino at det ikkje fins grenser på papir heller. I litteraturen kan alt skje.

Parodi og allegori
Agora forlag har sett seg føre å supplere norsk litteratur med hittil uomsett verdslitteratur. No står Italo Calvino (1923-85) for tur, som i Noreg er mest kjend for romanen med den fine tittelen Hvis en reisende en vinternatt (på norsk i 1985). Våre forfedre er ei samla utgjeving av tre Calvino-romanar som kom ut på italiensk mellom 1950 og 1960: Vicomten som ble delt i to, Klatrebaronen og Ridderen som ikke eksisterte, flott utstyrt med skjerting og gulltrykk.

Lesaropplevinga lar seg best beskrive med ein Monty Python-referanse: «And now for something completely different!» For om det er noko eg har lese for lite av i mitt virke som litteraturkritikar, så er det fantastiske, allegoriske forteljingar frå riddarepoken i Italia, utstyrt med både humor og eksistensielle undertonar.

Bøkene kan lesast som parodiar på dei filosofiske romanane frå opplysningstida, men er også allegoriske funderingar over tendensar i samtida og grunnleggjande livsvilkår.

Vicomten er vel nærast eit eventyr: Ein ung mann vert delt i to av eit kanonskot og lever vidare som to halvdelar; ein ond og ein god.

Klatrebaronen er ein gut som flyktar opp i eit tre etter ein krangel og sver at han aldri vil kome ned att, og heller aldri gjer det. Dette er den lengste teksten, i mine auger noko langdryg. Leikande stil og episodisk oppbygging gir preg av pikareskroman, men heilskapen er meir eksistensiell allegori enn samfunnskritikk. Skildringa formidlar kjensla av korleis somme menneske lever ut ein sterk indre trong til å bryte med tradisjonelt levevis, men ikkje med samfunnet. Dermed er dette truleg den romanen som fortel mest om forfattaren si eiga livsoppleving.

Sjeldsynt vidd
Ridderen som ikke eksisterte har fått tittel etter ein riddar som viser seg å vere ei tom rustning,  halde oppe kun av prinsipp og korrekt oppførsel. Det var den forteljinga eg hadde størst glede av. Med eit farseprega plot og lykkeleg slutt legg Calvino seg her nær komediesjangeren, og humoren svingar frå det lakoniske til det hyperbolske. Men her fins også leikande brot med fiksjonen som endar i refleksjonar rundt skriveakta, som igjen blir til poetisk skildring av livet sjølv: «Alt beveger seg på det glatte arket uten at noe blir synlig, uten at noe på overlaten forandres, slik det jo i grunnen er her på den ruglete jordskorpen, hvor alt beveger seg og ingenting forandres (…)».

Omsetjinga er gjort av Kari og Kjell Risvik, og eg kan ikkje sjå anna enn at den litt gamalmodige norsken dei har valt står ypperleg til den framande tida forteljingane er lagde til.

I tillegg får vi Italo Calvinos eige etterord frå den italienske samla utgåva av bøkene frå 1960. Det var ei glede i seg sjølv å lese, for Calvino har vidd av det slaget ein berre sjeldan møter på, og i tillegg gir han gode, kontekstualiserande lesingar av dei tre bøkene. Våre forfedre er ein europeisk klassikar til glede for alle som set pris på å sjå verda frå uventa vinklar.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: