Christian Jungersen: Du forsvinner

Hjerneføde: Med utgangspunkt i ny hjerneforsking har Christian Jungersen skapt ein litterær hybrid ein kunne kalle ein medisinsk-etisk thriller.

Emnet danske Christian Jungersen skriv om i den tredje romanen sin er slikt som kan bli riktig plagsamt om du tenkjer for myke på det: Er personlegdomen din berre eit resultat av kor velfungerande hjernen di er?

Romanen startar med at den lukkelege kjernefamilien Mia, Frederik og tenåringssonen er på ferie. Men Frederik har oppført seg merkeleg, og på biltur råkøyrer han slik at det nesten går gale. Vel ute av bilen får han raserianfall og dett utfor ein skrent, og den påfølgjande undersøkinga på sjukehuset viser at han har ein svulst på hjernen. Etter hjerneoperasjonen blir det oppdaga at Frederik har underslått og gambla bort 12 millionar for privatskulen kor han var rektor. Dermed byrjar kampen for å prove at det var sjukdomen som forårsaka lovbrotet, samstundes som Mia må leve med ein mann med totalt endra personlegdom. Riktig påtrengande blir problematikken når ho må innsjå at dei tre åra kor underslaget har gått føre seg, også har vore den beste tida i ekteskapet deira. Kom dei positive endringane hos ektemannen også av hjernesvulsten?

Perfekt illusjon
Jungersen leier oss med eit stødig, narrativt grep gjennom dei ulike familiekrisene. Mest imponerande er det korleis han gradvis sår tvil om dømekrafta til eg-forteljaren, og problematiserer korleis ein definerer skiljet mellom sjuke og friske hjernar. Og med eit uventa grep mot slutten undergrev han den determinismen kunnskap om hjernefunksjonane våre lett kan skape.

Teksten er illustrert med fotografi av både natur, e-postar, handskrivne brev og sider i fagbøker. Det som kan verke som ein ny avart av realitetshungeren i litteraturen, er det motsette: Ved desse grepa som skal gjere historia mest mogeleg autentisk, skaper forfattaren ein nærmast perfekt illusjon av at alt han skriv byggjer på etterprøvde fakta. Det må ein jo vere hjerneforskar eller psykiater for å vurdere. Men teksten er overtydande, og ikkje minst opnar han for både sjølvrefleksjon og filosofiske spørsmål på ein måte som er verkleg engasjerande – resultatet blir ein slags hybrid mellom fakta og fiksjon, ein medisinsk og etisk thriller.

Normale hjernefeil
Jungersen problematiserer mellom anna bruken av straff i staden for behandling, når kriminell åtferd kan kome av utviklingsfeil i hjernen. Det er ifølgje boka også sannsynleg at mange lever med små svulstar eller hormonelle ubalansar i hjernen som aldri blir oppdaga, men som berre viser seg i meir eller mindre merkeleg oppførsel. Det er jo litt av ein tanke å ta med seg ut i selskapslivet.

Språket er ganske rett fram, godt og tydeleg, men ikkje til å falle i stavar over.

Boka appellerer heller ikkje sterkt til kjenslene, så sjølv om eg synes boka er god, nølar eg med å dra fram superlativa. Men – er det slik at eg ikkje gjenkjenner storheita her fordi Jungersen representerer eit nytt estetisk ideal meir i tråd med ny vitskap? Det ser han i alle fall sjølv ut til å meine. Han skaper eit spennande brot i romankomposisjonen med ein (fiktiv) fagartikkel som hevdar at dei gamle romankonvensjonane er forelda fordi dei er baserte på psykoanalytisk teori om mennesket. No er det ikkje originale tankar i litteraturvitskapeleg samanheng at sanninga ligg ein stad bortanfor dei tilvande formene, men eit intelligent introdusert metanivå løftar alltid lesaropplevinga.

Romanen er omsett frå dansk av Morten Gaustad.

Bokmeldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: