Linda Gabrielsen: Alt vi ikke har bruk for

Linda Gabrielsen har forteljartalent, men den andre boka hennar skiljer seg ikkje ut i hopen av barndomsskildringar.

Det er mykje gale som kan skje i barndommen, og det kan prege oss resten av livet. Difor er det både viktig og riktig at mykje av litteraturen tek for seg dette. Likevel kan ein som kritikar etterkvart få vanskar med å mønstre entusiasme for endå ei barndomsskildring, om ho ikkje har spesielt slåande kvalitetar. I slike høve kan det kjennest som ein ulempe å ha lese mykje. Akkurat slik ein som vaksen lett gløymer kor sterkt handlingane eller haldningane våre påverkar borna våre, kan ein som kritikar gløyme at det som er gamalt nytt for ein sjølv kan vere nytt og sterkt for andre. Så både som mor og kritikar kan eg føle meg skuldig når skildringa av eit barnleg syn på verda ikkje engasjerar meg. Har eg kanskje meir sams med faren som forlet og difor treng forlating?

Faren som fór
Alt vi ikke har bruk for er historia om ei lita jente, ein karismatisk, men despotisk far og ei noko tafatt mor. Tittelen viser til ein episode der faren bestemmer at familien skal gi fra seg alt dei ikkje aboslutt må ha for å leve. Dermed misser åtte år gamle Connie både dukka og det prikkete skjørtet sitt, og mora må ta farvel med brudekjolen sin. Ganske snart viser det seg at det snarare var rastløyse enn antimaterialisme som sette faren på denne radikale tanken, for plutseleg forsvinn han sjølv også. Det er ei fin dobbelttyding i tittelen, for kor mykje bruk har ein eigentleg for ein far ein ikkje kan stole på?

Det er ikkje sagt direkte, men det kan verke som faren kjem frå taterslekt eller ei anna gruppe omstreifarar. I all fall er det sannsynleg at mor hans, Magda, tilhøyrer eit vandrarfolk, sidan ho er borte fleire månader i året, bur i campingvogn og har som viktig inntektskjelde å selje blomar ho har plukka på kyrkjegarden. Det vert ho som på sin utradisjonelle måte prøvar å gjenopprette balansen i livet til dei to forlatne.

I innskotne kapittel møter vi det som truleg er Connie som vaksen. Ho følgjer etter ein mann heim fordi han græt på gata, og det vert starten på ein merkeleg relasjon. Det er imidlertid tydeleg at Connie har vanskar med å knytte seg til andre.

Det vanlege uvanlege
Linda Gabrielsen debuterte med romanen Kongen befaler i 2005. Det var også ei skildring av korleis viktige omsorgspersonar kan gi born traumer som seinare gjer vaksenlivet vanskeleg. Gabrielsen viste der at ho har blikk både for barnepsykologi og maleriske scener, kombinert med eit sjarmerande språk med uventa kast i seg.

Årets roman har også mange fine scener, og spesielt samtalane mellom den utradisjonelle faren og Connie tar ofte uventa vendingar. Det er vanligvis noko eg har sansen for, men hos Gabrielsen opplever eg det som at kjærleiken til språklege krumspring, og generelt alt som er uvanleg, i seg sjølv har blitt eit førutseieleg mønster. For barn er jo så originale, veit vi, og det blir folk som har hatt det tøft psykisk også, er det ikkje slik?

Gabrielsens stil gir meg assosiasjonar til Beate Grimsruds bøker, men språket er ikkje like karakteristisk og humoristisk, og er langt frå å skape den akutte kjensla av levd liv kombinert med overrumplande fantasi — som er Grimsruds spesiale.

Spesielt blir dei gåtefulle samtalane mellom den vaksne Connie og elskaren for sære. Det er rett og slett vanskeleg å skjøne kva som skjer mellom dei og kvifor. Det er noko slitt og gammalt ved førestellinga om at psykisk smerte gjer folk til originale bohemar som fører springande samtalar; eg trur at mange som ber på traumer frå barndommen strevar for å leve eit så vanleg liv som mogeleg.

Mine tankar om det er ikkje eit vurderingskritierium i seg sjølv, men inntrykket som sit igjen, er at tankearbeidet bak romanen ikkje verkar overtydande. Altså er romanen ikkje retorisk vellukka, sjølv om både språket og dei einskilde scenene har kvalitetar.

Andreboka har difor igjen vist seg å vere vanskeleg; ho står ikkje like sterkt som debuten. Det er vel neppe ei slik tilbakemelding Gabrielsen har bruk for. Eg ser den.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

2 responses to “Linda Gabrielsen: Alt vi ikke har bruk for

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: