Johan B. Mjønes: Fortellingen om sju bål

God på botnen: Romanen om skjebna til den amerikanske urbefolkninga legg seg tett på stereotypiane, og er best i skildringa av det verste.

Historia om møtet mellom europeiske erobrarar og urbefolkninga på det amerikanske kontinentet er så bloddryppande grusom at ho knapt er til å tenkje på. Ifølgje forfattar Johan B. Mjønes kan vi heller ikkje trøste oss med at dette er eit avslutta kapittel. I den politisk og historisk ambisiøse roman Fortellingen om sju bål drar han linja frå den første kolonialiseringa av Amerika heilt fram til overgrep i vår tid. Ei sak eg nyleg vart gjort merksam på via Facebook viser aktualiteten: I Brasil gav regjeringa i 2011 klarsignal til å byggje den gigantiske Belo Mote-demninga i Amazonas, men bygginga blir stadig forseinka av protestaksjonar. Om demninga blir bygd, vil 40 000 indianarar som lever i området misse livsgrunnlaget sitt.

Finansiert politisk
Som Geir Gulliksen og Thomas Hylland Eriksen har òg Johan B. Mjønes fått stipend frå misjons- og utviklingsorganisasjonen Digni for å reise ut i verda og skrive opplysande om nord-sør-problematikk. Det er kanskje det som skal til å for å gjenreise den politiske litteraturen i Norge? Auka merksemd til politiske realitetar i andre delar av verda er viktig, og finansieringskjelda burde ikkje ha noko å seie for kvaliteten på det litterære sluttproduktet. Når det gjeld boka til Mjønes, må eg likevel seie at han ofte brukar kjende litterære topos på ein måte som kan verke lettvint. Men boka har andre, svært gode sider.

Romanen vekslar mellom historia til to unge vaksne i vår tid og skjebnetunge hendingar frå tidlegare tider. Aleinemora Mary er indianar busett i Pine Ridge-reservatet i Sør-Dakota. Russel er eit stortalent i amerikansk fotball som misser college-stipendet sitt etter ein skade. Men han får vite at eit minoritetsstipend kan redde studieplassen om han kan dokumentere den indianske identiteten til den biologiske faren.

I skildringa av Russel legg forfattaren seg tett opptil kjende konvensjonar om oppdaging av eigen kulturell identitet med påfølgjande politisk oppvakning, og generelt kjem skildringa av indianarane av og til farleg nær stereotypiane.

Komposisjonen av romanen er god, men har kanskje blitt for styrande: Kombinert med det pedagogiske siktemålet om opplysning kan omsynet til synkronisitet mellom historiske og notidige hendingar ha blitt til hinder for utviklinga av Russel og Mary som karakterar. For Mary endar som ein ganske eindimensjonal, men sørgjeleg vakker illustrasjon av at den unge kvinna no som før i historia er det første offeret der det er kamp om ressursane. Mjønes har også ein tendens til å forklare for mykjeav det som foregår i hovudet til karakterane.

Effektiv affekt
Langt betre er dei glimta vi innimellom får frå avgjerande punkt i den valdelege kolonialiseringshistoria, i kapittel kalla ”Første bål”, ”Andre bål” osb. Det første skildrar korleis ein anonym soldat under Colombus i 1493 opplevde møtet med ein indianarsstamme og korleis gullhungeren førte til ein massakre. Ved å bruke eg-forteljarar som høyrer til overgriparane, får Mjønes ikkje berre fortalt om overgrepa, men også sagt noko om mentaliteten bak og motivasjonen for grusomheitene.

Forfattaren vidarefører stilen frå den gode debutboka Terminalhastighet frå 2009: Lange periodar med hyppig bruk av gjentakingar. Det gjer snarare teksten lettlesen enn fortetta, men er ein effektiv måte å vise affekten hos forteljarane. Kombinert med dei uventa synsvinklane og dramatiske hendingane i dei korte, historiske kapitla er det eit vellukka grep.

Forfattaren har også gitt seg sjølv ei lita rolle i boka, sett utanfrå av ein indiansk politisk aktivist. Det kan verke påklistra fiffig, men får fint fram den naive rolla ein idealistisk utanforståande nesten uunngåeleg får i møte med tragedien eit anna folkeslag har levd med i århundrer. Kanskje dette lar seg lese som ein metakommentar til den konvensjonelt sympatiske framstellinga i resten av boka?

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: