Kerstin Ekman: Grand finale i svindlerbransjen

Dobbelt så sant? Ekman gir autofiksjonen ein underhaldande vri.

Eg var passe lunken til Kerstin Ekmans førre roman, Mordets praksis som kom på norsk i 2011, og skreiv at ”det skal mykje til før leik med fiksjonen får meg opp i under no til dags.” Difor er eg glad for å kunne seie at Ekman både har gitt meg mykje og fått meg opp i under med romanen Grand finale i svindlarbransjen – som er ein leik med autofiksjonen. Ved å utgje ein kunstnarroman som formidlar sanning gjennom det openbert fiksjonelle, kommenterer Ekman elegant og slagferdig den sjølvbiografiske motebølgja i skandinavisk litteratur.

To for prisen av éin
Plotet er bygd rundt to kvinner som i samarbeid har svindla seg til litterær suksess: Den overvektige, stygge, eksplosive og sarkastiske Babba frå arbeidarklassen skriv bøkene, medan den slanke, pene og sosialt veltilpassa Lillemor frå middelklassen spelar rolla som den perfekte kvinnelege forfattaren. Påstanden er at det krevst to sett av eigenskapar for å lukkast som forfattar: På den eine sida må ein vere kompromisslaus, sjølvsikker, egoistisk og fullstendig fokusert for å produsere dei gode tekstane. På den andre sida må ein vere representativ, imøtekommande og underhaldande for å bygge opp forfattarskapen som ”merkevare”.

Det er eit enkelt poeng, men den litterære framføringa er strålande: Teksten vekslar mellom eit manus der Babben røpar alt og skildring av korleis den aldrande Lillemor reagerer på å lese dette, og spenninga er knytt til kva utfall konflikten mellom dei to vil få.

Komposisjonen gir rikeleg høve til refleksjon rundt korleis bruk av verkelege folk og hendingar i ei litterær framstelling inneber forenkling og forvrenging av røynda, og at den beste forteljaren får størst definisjonsmakt. Tankane går til eventyret om geitekillingen som kunne telje til ti, eller ein lett bearbeida versjon: Geitekillingen som kunne fortelje om ti. For skrekken er ikkje lenger ”han talde meg!”, men ”han fortalde meg!”.

Bitande humor
Endå mørkare er synet på kva utvekslinga av menneskeleg erfaring eigentleg er verdt: ”Hvor finnes den fortelling som ikke er en handel?” Difor er det ikkje berre samarbeidet mellom Babben og Lillemor som er svindel, men litteraturbransjen generelt: Då forfattarskapen blir tildelt Nordisk Råds litteraturpris, er det dét Babben kallar Grand finale i svindlarbransjen.

Ekman fekk sjølv Nordisk råds litteraturpris for Hendelser ved vann i 1994. Ho er òg livstidsmedlem av Svenska Akademien, som er det høgaste ein kan komme i det svenske elfeinbeinstårnet (dei deler mellom anna ut Nobelprisen i litteratur). Men sidan 1989 har ho latt vere å delta, i protest mot manglande støtte til Salmand Rushdie då utgjevinga av Sataniske vers førte til fatwaen mot han. Ekman nemner ikkje dette i den nye romanen, men posisjonen hennar gir skildinga av miljøet rundt Svenska Akademien både tyngd og snert: ”det fantes nisjer i Sveriges offentlige liv like ukjente som havdypene i Atlanteren.”

Nettopp den svarte humoren er det som gjer boka befriande underhaldande og opplysande. Dei bitande karakteristikkane både av bokbransjen og det patriarkalske samfunnet fra 60-talet og framover set hale på grisen slik berre eldre kvinner med erfaring og vidd kan.

Kjempande kvinner
Samstundes er Babbas tilsynelatande utleverande skildring av Lillemor prega av lett kamuflert (sjølv)medkjensle med kvinnene den gongen middelklassen var prega av mannleg kameraderi. Eit grelt døme er då Lillemor fekk øydelagt eggstokkane av noko legen kalla ein ”infeksjon”, og dermed skjulte at årsaka var herpes ektemannen hadde smitta henne med. Lillemor har altså fått tildelt alle vanskane eit vanleg, og etterkvart offentleg, liv medfører, medan Babben er ei slags litterær urkraft som lever godt uten merksemd og ære.

Denne splittinga i to karakterar illustrerer ei oppleving av motstridande krav som vil vere gjenkjenneleg for mange som både skal prestere på eit fagleg høgt nivå og vere formidlar, forskarar til dømes. Men eg trur også at kvinner i alle yrker vil kjenne seg igjen i den evige balansegangen mellom å prestere fagleg og å prestere sosialt: Kor mykje arbeidstid skal ein ofre på borddekorasjonar til middagsselskapet? Romanen gir ingen svar, tvert om signaliserer den litt tannlause slutten at ”det eine må gjerast og det andre ikkje latast ugjort”, som Jesus sa det. Så der fiksjonen fritt kan forenkle eller fordoble for å gjere livet lettare å skjøne seg på, må vi i røynda leve i den schizofrene kvardagen som best vi kan.

Ein forkorta versjon er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: