Kari Nygaard: Reisen til Bella Coola

Historisk kjærleiksroman eller triviallitteratur? Ein samanliknande studie.

Baksideteksten på Karin Nygaards debutroman gir ikkje lesaren håp om verken utfordringar eller overraskingar, men kanskje høve til å legge den gamle verda bak seg nokre timar: Året 1892 reiser Ingrid og ektemannen Esten med amerikabåten for å starte eit nytt liv. Medan Esten ligg sjøsjuk i kabinen, vert Ingrid kjend med prestesonen Andreas, og oppdagar at han som henne rømer frå ei stor sorg.

Det overraskar nok heller ingen at mi oppleving var førutseieleg handling, flate karakterar og klisjefylt språk (”Brannen som herjet i dem var som præriebrannen.”) Samstundes skjøna eg såpass at forfattaren nok ikkje har meint å ta opp konkurransen med Ole Robert Sunde eller Merethe Lindstrøm. Gjer det romanen til triviallitteratur?

Realitetsorienteringa
For å få referansane i orden, investerte eg 89 kroner i boka Troløs av Frid Ingulstad. Så lånte eg Odel av Anne Karin Elstad på biblioteket. Som Ingulstad var Elstad lesen og elska av mange, men i motsetnad til Ingulstad også akseptert som medlem av Forfatterforeningen. Skal ein tru Det litterære råd, går det altså eit litterært vatnskille mellom desse to. Så kor plasserer Nygaards bok seg?

Alle tre forfattarane fortel på sympatisk og udramatisk vis om idealiserte hovudpersonar, og lesarengasjementet er avhengig av identifikasjon med desse. Typisk er også eit anakronistisk kvinneideal, der hovudpersonen framstår som forut for si tid idet ho representerar verdiar like vår tids moral og kvinnesyn.

Elstad har eit godt grep om dei aktuelle historiske periodane og språket hennar er enkelt, men ikkje skjemma av klisjear og anakronismar. I samanlikning lukkast Nygaard dårlegare med tidskoloritten, og verst går det når prestesonen i starten av båtreisa har ”sjekket ut forholdene i salongene”. Miljøskildringane er skisseaktige og lite overtydande, spesielt skildringa av Chicago, som elles kunne ha vore det historisk mest interessante partiet. Scenene er likevel meir forseggjorte enn hos Ingulstad. Trass i truverdig bruk av historiske fakta minner teksten hennar mest om den australske såpeserien Home and Away: Gjennom ein omsorgsfull morsperson møter vi eit stort persongalleri i meir eller mindre dramatiske situasjonar, utan annan komposisjon enn at det uunngåeleg endar i ein cliff hanger.

Keisame referat
Alle tre brukar ein refererande forteljarstil oftare enn dramatiserte scener. Særleg hos Ingulstad og Nygaard er forbausande mykje av teksten i perfektum partisipp: Etter ei rask plassering av hovudpersonen i eit scenario, blir fokuset vendt innover og bakover, som i åpninga av Reisen til Bella Coola: ”Ingrids hender var kalde, hun hadde holdt et fast grep i rekka siden de seilte ut fra havnen i Liverpool. (…) Da de la fra kai, hadde det vært trengsel ved ripa.” Eit så distanserande grep i ei handling som i utgangspunktet er lite dramatisk, gjer alt endå keisamare enn det hadde trengt å vere, og utbrodering av kvar tanke og kjensle erstattar undertekst.

Overraskande nok er det rosa filteret sterkare hos Nygaard enn hos begge dei to eldre forfattarane. Likevel var likskapane mellom dei tre større enn eg hadde forventa. Så gitt den kommersielle suksessen til dei to etablerte, skjønar eg godt at forlaget satsar på Nyggard, sjølv om ho har eit stykke igjen til Elstads nivå. Men blir det medlemskap i Forfattarforeningen? Mitt tips er at det vil kreve ei hard språkleg oppstramming.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: