Bokessay om Merethe Lindstrøm

Den vakre tvilen
Det var godt at det skjedde no. I snart tretti år har Merethe Lindstrøm vore forfattar, og nesten like lenge har ho fått ros frå litteraturkritikarane, men likevel har det vore merkeleg stille rundt henne. Tretti år er lang tid, det var mange Dager i stillhetens historie før ho endeleg, i vår, fekk Nordisk Råds litteraturpris og dermed vart kjent for eit større publikum og omsett til fleire språk.  Kvifor kom ikkje gjennombrotet før?

Eg synes Lindstrøm forklarar det best sjølv, ho har hatt god tid til å grunne på det. I romanen Barnejegeren frå 2005 prøvar den svenske psykologen Marie å trøyste kollegaen Ida, som tvilar på at ho kan hjelpe nokon gjennom orda:

Men alla projekter måste ha ett tvivel. Jo, självklart blir alla misstänksamma när man kommer dragande med tvivlet, med allt det som är träsigt och alla fel och brister. Men att veta är ju ingen konst. Finna en lägre ton, våga att närma sig nånting som inte är så självklart, trots allt tvivel. Det är ju det som är en konst. (…) Men självklart verkar det vara tvärtom, sa Marie, för med tvivel är det ju inget att lyfta fram, inget att jubla åt eller att fira. Tvivlet som är så ensamt och jävla trist.

Nei, lågmælt tvil er ikkje eigna til å dra begeistra folkemasser til bokhandelen, likevel er tvilen i hjartet av Lindstrøms litterære prosjekt. Ho har hatt høgare ambisjonar enn å få oss til å gispe og le: Å nærme seg det som er vanskelegast å seie noko om, utan å ty til forenklingar.

Opprør og stamming
Da Lindstrøm debuterte med boka Sexorcisten og andre fortellinger i 1983, var den litterære stemma hennar alt anna enn lågmælt. Gjennom 36 korte forteljingar skildrar ho botnskiktet av samfunnet; prostituerte, narkomane og born som ikkje har det bra, ungdom som gjer opprør mot det borgerlige A4-livet. Det er sex, vold, narkotika, husokkupasjoner. Tonen er dramatisk og symbolikken er tidvis overtydleg. Men tvilen har alt meldt seg (…)

Les resten av bokessayet her (pdf).

Tidlegare publisert i Aftenposten K. Essayet er basert på ein lengre presentasjon av Merethe Lindstrøms forfattarskap publisert i Biblioteksentralens forfattarhefte.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: