Ida Hegazi Høyer: Under verden

Ida Hegazi Høyer har skrive ein opprørsk, intelligent og velkomponert debutroman om å finne ein heim. Ho bør vere ein sterk kandidat til Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Debutromanen Under verden har alt gitt Ida Hegazi Høyer ein plass på NRK si liste over årets 12 beste romanar. Det var høgst fortent. Hegazi Høyer skriv setningar som får meg til å stoppe opp og undre meg for så å lese ivrig vidare; det er eit gåtefullt mørke i formuleringane og eit sug i tankane som gjer Under verden til ein spennande stad å vere.

Å vere blant menneska
Det både startar og sluttar med ”den umulige sorgen, å ville hjem.” Eg-forteljaren i boka har busett seg i ei gamal hytte i Aurskog Høland for å vere aleine og skrive, men må jobbe på Cubus for å klare seg. Kollegaene er henne totalt likegyldige, ho hugsar verken kven som er kven eller kva dei heiter. Generelt er ho uengasjert på ein måte som signaliserer depresjon, samstundes som det har ein komisk effekt: ”Hytta ligger nøyaktig en kilometer eller tre fra puben, og etter å ha syklet rundt et vann eller et jorde eller begge deler, stopper jeg her og går inn.” Etter kvart blir ho likevel kjend med naboane, og kjem også nærmare nokre av dei enn det som blir sett pris på.

Per Petterson opptrer både som forfattarideal og ein person i nærmiljøet, og skildringa av arbeidet den namnlause kvinna legg ned for å rydde og reparere den forfalne hytta si, minner om livet til den vaksne forteljaren i Ut og stjæle hester. Det er ein subtilt formidla emosjonalitet og ein visuell kvalitet i skildringane til Hegazi Høyer som ikkje gjer skam på nokon av partane i ein slik intertekstualitet.

Plagsomt sterk er skildringa der kvinna finn rottereiret som har skapt vond lukt i gangen hennar: Ei gigantisk rottemor, skada av fleire musefeller, orkar knapt å hvese mot hammaren vert løfta mot henne og den svoltne rotteyngelen hennar. Scena illustrerer ei sentral, men ambivalent innsikt i boka: ”hjemme handler om retten til å kaste ut”. Det er ei utsegn som rommar både trangen vi har til å råde over vår eigen heim og innsikt om den valden territoriell kontroll av ein heim eller eit land er tufta på.

Opprørsk estetikk
Hovudpersonen i boka står i spenningsfeltet mellom den trygge, men potensielt kvelande menneskefellesskapen og den frie og farlege naturen, representert ved det mystiske ”Dyret”. Men sjølv om det kan verke som ho gir slepp på det som gjer henne til ein framand då ho oppgir skrivinga for å ”begynne med det verkelege”, er slutten poetisk og mystisk open.

Det paradoksalet litterære uttrykket ein viktig kvalitet ved boka, og ikkje minst refleksjonen rundt dette. ”For det er tydelig, helt uomformelig klart, at alt som er tydelig ikke bare er dødelig kjedelig, men også fullstendig irrelevant. Da vil jeg heller være dette: min egen selvmotsigelse av bare uholdbare holdninger. Samme for meg? Det viktigste av alt må forbli uklart og omskiftelig, slik den største formen er usynlig, umulig å hente ut, umulig å sprenge.”

Slike formuleringar kan verke litteraturvitskapeleg ”flinke” med sine assosiasjonar til Maurice Blanchots teori om at fragmentet og paradokset er dei sannaste litterære uttrykka. Men det er sterkt gjort av ein debutant å setje ein slik poetikk ut i livet; eg synes den elegante sirkelkomposisjon også tek vare på paradokset.

Det er godt at Hegazi Høyer sjølv ikkje kasta tastaturet ut av vindauget, eventuelt at ho  gjekk ut og henta det igjen. For ho høyrer definitivt heime i litteraturen.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: