Marita Fossum: Et siste kyss

Kyss utan kjemi: Trass høge forventingar må eg slå fast at Et siste kyss vart ei likegyldig oppleving.

Marita Fossum har, som Trude Marstein i Hjem til meg, sett seg føre å seie noko om den utru og emosjonelt farlege mannen i haust. Men der Marstein skildra inngåande ein hovudperson full av kjensler, drar Fossum opp ei rask skisse av ein kald og narssisistisk mann som trass i at han har ei rad knuste kvinnehjarter på samvitet er vel nøgd med seg sjølv og livet sitt. Så blir han innhenta av fortida, men utan at det på noko vis vert dramatisk for lesaren.

Fiksjon i fiksjonen
Handlinga i Et siste kyss skjer i løpet av eitt døgn, frå ein sein kveld til den neste. Den allvitande forteljaren presenterar oss først for 48 år gamle Adrian og hans tre avbrotne ekteskap, så for den jamnaldra kjærasten Helen, den unge elskarinna Simone og til slutt Helens dotter Therese og sambuaren hennar, Anne. Simone er dotter av ei kvinne som forlet henne og faren til fordel for Adrian, men som seinare tok livet av seg då han forlet henne. Simone er forfattar, og tek kontakt med Adrian under påskotet at ho gjer research for ei bok om ein mann i ei tilsvarande offentleg stilling som han. Det viser seg at han er like farlig for henne som ho er for han.

Simones romanprosjekt tilfører teksten eit metanivå ved at ho der både speglar og føregrip livet til Adrian. Slik spelar Fossum ulike lag av fiksjon ut mot kvarandre, og eg trur ho har hatt ambisjonar om å å seie noko intrikat om tilhøvet mellom fiksjon og røyd. Men sjølv om teksten kompositorisk har mange lag og mange ingrediensar, er det som at dei aldri reagerer med kvarandre, kjemien uteblir.

Teksten er meir dialogdriven enn i Fossums tidlegare bøker, noko som gjer prosaen flatare. Dialogane var dei svakaste punkta i Fossums roman frå ifjor, Lykksalighet, så å la dei få så mykje plass i år, var eit uheldig grep. Det er ikkje spenning nok i handlinga og komposisjonen til å kompensere for dette. Og sjølv om kvar scene i og for seg er nøkternt skildra, vert totaliteten likevel lite truverdig. Det er noko med korleis romankarakterane vert involvert i kvarandre på kryss og tvers dette døgnet, samt alle nivåa av parallellitet, både mellom Simones bokprosjekt og livet til Adrian, og ved at fleire av romankarakterane har sams erfaringar.

Skjematisk utydeleg
Den empatisk utfordra Adrian vert kontrastert av ikkje berre éin, men tre kjenslevare forfattarar: Simone, Helens døde forfattarektemann og dottera Therese. Det vert tydeleg då Adrian til slutt lar vere å gi Simone eit avskjedskyss fordi ”hun luktet litt som bøkene: mørkeloft, tørt treverk, en anelse jord, eller var det angst?”. Det verkar veldig enkelt å sette ein kynisk byråkrat opp mot den labile, men overskridande litteraturen på denne måten, og eg skjønar ikkje kva det skal seie meg? Det vert noko skjematisk over plotet og komposisjonen, likevel framstår resultatet som utydeleg. Men at boka ikkje kommuniserer godt er likevel eit mindre problem enn at det ikkje kjennes viktig å finne ut av korleis ho skal tolkast.

Eg hadde venta meg mykje av denne romanen fordi eg har likt dei tidlegare bøkene til Fossum så godt. Men Et siste kyss blir diverre ei likegyldig oppleving, og er langt frå å nå opp til Fossums tidlegare, stemningsfulle romanar. Eg håpar verkeleg ho kjem sterkare attende.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.
.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: