Marit Kaldhol: Darwins sporvar

Ein sporv i bokhausten: Den poetiske prosaen til Marit Kaldhol er eit velkome alternativ til mursteinsromananane.

Sporvar dannar par som held saman livet ut, men trufaste er dei ikkje. Forskning på canadiske sangsporvar viser at over ein fjerdedel av alle sporvungane har ein annan far enn den såkalla sosiale partneren til mora. Forskarane har ikkje skjøna kvifor, for dei med ukjend far viser ingen teikn på å vere betre genetisk rusta enn halvsøskena sine. Dei klarer seg tvert om dårleg, for hannen merkar kven som er hans eige avkom og favoriserar dei. I eit evolusjonsperspektiv har utruskapen altså ingen heldige effekter for hofuglane. Som ein forskar uttala til forskning.no: ”Det er altså ikke optimalt for damene, men det hjelper ikke.”

Dette lille fordraget om sporv er sjølvsagt motivert av at den nye boka til Marit Kaldhol har tittelen Darwins sporvar. Det var dette med at det ikkje er optimalt for damene. Kaldhol går nemleg inn i dei smertefulle konsekvensane av lidenskap på avveg, og til eit lite omtala tabu knytt til erotikken: Ei mor som vert så oppslukt, eller øydelagd, av sine eigne kjensler, at ho forlet sitt eige barn. Vi møter den vaksne dottera som ved dødsleiet til mora minnest korleis ho vart forlaten, og den døyande mora som i brokkar gjenopplever det store dramaet i sitt liv. Dei to forteljarstemmene går parallelt gjennom boka, og dei møtest aldri verken i samtale eller forsoning.

Romanpoesi
Uttrykket i Darwins sporvar ligg i grenselandet mellom poesi og prosa, både i språk og oppsett. Den forma har blitt noko av eit varemerke for Marit Kaldhol, som tidlegare har utgitt både ein ”poesiroman” (Maria frå 1985) og ”romanpoesi” (i huda er gud ein munn frå 1997), og som har skrive poetisk i alle sjangar, også for barn og ungdom. Nettopp det poetiske uttrykket er den store styrken ved boka, som effektivt og verknadsfullt rissar opp ei historie som held fram å vekse i lesaren. Dei poetiske verkemidla skaper òg eit symbolsk nivå i teksten, og sporven og lakenet er dei sentrale symbola.

Lakena har følgt Kaldhol heilt frå debuten med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983, og dei får stå for dei sanselege sidene av livet. For Kaldhol har utmerka seg som ein modig og god erotisk forfattar, og spesielt romanpoesien i huda er gud ein munn gjorde inntrykk på meg med skildringa av homofil attrå. Romanen blondene gir seg ikkje (2006) går også inn i tabua ved å skildre ei kvinne som lever med minner om seksuelle overgrep frå faren.

Farleg erotikk
Darwins sporvar blir dermed eit gjensyn med den farlege erotikken, og lakenet blir symbolet som knyter erotikk og død saman: ”Så mange laken gjennom livet. No ligg du på dette, det siste. Du ventar på å flyge i vinden, lett som ein sporv. Sleppe unna. Bli fri. / Døden er ein sporv.”

Dermed var vi attende til sporven, og Darwins sporvar, utru eller ikkje, representerer sjølvsagt også kampen for tilveret. Det heiter seg jo at det var sporvane (eigentleg finkane) på Galpagos-øyene som gav Darwin ideen til evolusjonslæra fordi dei var ulike frå øy til øy. Og slik sporvane tilpassar seg livsvilkåra, blir også den forlatne dottera nødt til å tilpasse seg eit liv utan mor for å overleve.

Den vesle romanen til Kaldhol er sjølv ein sporv i bokhausten. 149 små sider med poetisk språk har ikkje lett for å hevde seg mot lange episke, meir eller mindre sjølvbiografiske forteljingar. I mine auger er det grunn i seg sjølv til å lese boka, som skil seg ut med ei sterk historie fortalt i eit fortetta og vakkert poetisk språk.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

I denne artikkelen på forskning.no kan du lese meir om dei utru sporvane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: