Vigdis Hjorth: Leve posthornet!

Kva er ekte? spør Vigids Hjorth med mot, vilje og vidd. Ho vågar til og med å svare.

Nyleg var eg på litteraturfestival, og vart ståande i ei gruppe der ein poet muntert fortalde at han for tida les dødsannonser og noterer alle klisjeane; den samla effekten vart visst ganske overveldande. Det blei akka over det tragikomiske i den klisjeparaden som blir det siste adjø for oss alle: ”Du var alt for meg”, liksom. Eg fekk meg ikkje til å seie noko, for det eg prøvde å formulere verka ikkje smart nok: Men kva om det er slik dei etterlatne kjenner det? Kor mange måter er det å seie det på, for vanlege menneske i livskrise?

I den nye romanen til Vigdis Hjorth er nettopp ei oppvurdering av det gjenbrukte språket eit sentralt poeng: ”Mennesket er tilpasningsdyktig tenkte jeg, det hørtes ut som noe noen har tenkt før, men det gjorde ikke noe, for mennesket hermer og nå erfarte jeg hva uttrykket betød og å erfare det andre har tenkt og uttrykt gir en følelse av fellesskap.”

Intertekstualitet er ikkje Hjorth ukjend med, men dei litterære referansane i bøkene hennar har sjølvsagt mykje høgare status enn folkelege seiemåtar. Det er difor overraskande og sympatisk når Hjorth i den nye romanen sin gjer det til eit hovudpoeng at klisjear kan formidle sanning og verdiar ein må ha livserfaring for å gjenkjenne. Forfattar og kritikar Tor Eystein Øverås er inne på det samme i essaysamlinga I dette landskap: ”Uten sorg ingen glede. Banalt som faen. Men sant.”

Inn i varmen
Forfattarskapen til Hjorth lar seg karakterisere gjennom ei rekke substantiv som alle byrjar med sjølv-, som sjølvgransking, sjølvironi og sjølviscenesetting. (Berre ikkje sjølvbiografi, om enn fikenbladet av fiksjon har vore lite i mange av bøkene hennar. I fjorårets roman Trevde dager i Sandefjord var det vel omtrent på størrelse med eit halvt kvinnenamn: Den middelaldrande dramatikaren Tordis sonar ein fengselsdom for fyllekøyring, som forfattaren sjølv skal ha gjort, men unngår å skrive når ho er saman med dei andre innsette: ”Så de ikke skal frykte jeg er en Knausgård, som jeg er, i hemmelighet.”)

Likevel går det i dei siste bøkene til Hjorth ei rørsle ut frå det sjølvreflekterande eg’et og mot ein større fellesskap på tvers av sosiale og kulturelle skiljer, ei rørsle mot folk som er framande for den danna middelklasseprotagonisten, enten det er bilseljaren i Hjulskift (2007), den cubanske elskaren i Snakk til meg! (2010) eller dei kriminelle kvinnene i Tredve dager i Sandefjord (2011).  I Leve posthornet! vert den folkelege livsvisdommen og kampen for fellesskapen også ei kjelde til håp og meining.

Eg får spole attende til start: Den 35 år gamle kommunikasjonsrådgivaren Ellinor finn dagboka si frå 2000 og blir sjokkert over kor overflatisk ho verkar. Så stikk ein nær kollega av frå alt og legg igjen ein lapp: ”fortell den fleksible bollemuskompanjongen vår at jeg synes det lukter fitte av alt hun produserer”. Seinare tar han livet av seg. Det blir livskrise for Ellinor; ho er flink og fleksibel, profesjonell språkbrukar, men alt kjennest uekte og tomt: ”Så lenge det er liv er det håp, sa Margrete, om hva da? Liv? (…) hva slags håp er det som nedskrives time for time?” Frå dette utgangspunktet rører Hjorth komposisjonen elegant mot ny innsikt og oppleving av håp etter at Ellinor har gått gjennom si personeleg krise: ”Så lenge det er håp er det liv i ditt liv.”

Posten kjem fram
Vendepunktet for Ellinor kjem gjennom eit oppdrag for fagforeininga i Posten, Postkom, som vil hindre at Arbeiderpartiets landsmøte vedtar innføring av EUS tredje postdirektiv om fri konkurranse på brevpost under 50 gram. Ellinors tillærte kommunikasjonstriks kjem til kort i møte med eit sterkt, ektefølt engasjement frå dei posttilsette, og ho vågar seg inn i kjensler ho før har skydd i den intellektuelle redsla for det banale. Det at romanen tek utgangspunkt i konkrete, politiske realitetar frå vår nære fortid, gir boka eit originalt utgangspunkt som kling fint saman med det politiske engasjementet boka skildrar og formidlar.

Det er karakteristisk for Hjorth at sjølv når ho skal skildre ei kvinne i livskrise, som opplever at ho må våge seg inn i dei enkle kjenslene for å komme vidare, så er metoden framleis den reflekterte utlegginga, forklaringa av innsiktene. Det er vel ikkje éin av Hjorths hovudpersonar som ikkje har vore av typen ”hjernehelt”, og tidlegare har eg oppfatta fleire av bøkene hennar som lange tankerekkjer strekt over enkle rammeverk av handling. Men den deprimerte stemma til Ellinor og strevet hennar for å finne fram til noko ekte er det umogeleg å distansere seg frå. Her er det ikkje refleksjonane i seg sjølv som gjer sterkast inntrykk, men den livskjensla dei dels apatiske, dels fortvila tankane til Ellinor formidlar.

Hjorth har skildra liknande kjensler av sjølvforakt og einsemd før også. Men at ho vågar å la historia ende i ei oppleving av ny meining på nesten vitalistisk vis, trur eg er nytt, og det rørde andre emosjonelle strengar i meg. Også humoren traff meg på ein annan måte, kanskje fordi han har ein mørk klangbotn: ”… de skulle bare visst, tenkte jeg, skulle bare lest dagboken min fra våren 2000 og skjønt hvem de hadde ved siden av seg i trang drakt, snart røk sømmene og jeg stod naken på torget med en prislapp.”

Gjennomsiktig, men ekte
Eg synes nok ikkje at romanen held intensiteten oppe heile vegen. Det er noko veldig konstruert over Ellinors møte med den folkelege, nordnorske postmannen og hans pedagogisk ”historie frå røynda” som i stil knapt skiljer seg frå Ellinors Oslo-diskurs. Men at fiksjonen er gjennomsiktig, er likevel ikkje så farleg når det som skin gjennom er engasjement og innsikter eg opplever som både ekte og kloke.

Tittelen Leve posthornet! og heile romanen er ei feiring av den språklege og emosjonelle fellesskapen, og av vilje og mot: Til å være ærleg, til å ta standpunkt og til å kjempe for dei. Eg veit ikkje om vårt nasjonale traume sommaren 2011 kan ha gjort sitt til at ei slik vending mot den breie fellesskapen og dei basale kjenslene kjennest så rett og godt no, men ser ein på den begeistra mottakinga Leve posthornet! har fått, har Hjort verkeleg treft tidsånda med denne romanen.

Litteratur som formulerer sanningar om livet risikerer å bli pinleg og ufrivillig morosam. Men når Hjorth går laus på politiske og eksistensielle problemstillingar med velkjent vidd og eksistensielt mot, er det berre å gje seg over.

Ein kortare versjon av teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Interessant i denne samanhengen:

«Wallace risks the credibility he has built up over three hundred–plus pages of funny, irreverent, macabre, showily agile and complex and original prose, to tell us something that we probably didn’t go into this novel expecting to hear: that sometimes clichés are true, and we avoid or scorn them at our peril.»

Elaine Blair i artikkelen A New Brilliant Start i The New York Review of Books.

Advertisements

One response to “Vigdis Hjorth: Leve posthornet!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: